Slik såg det ut over Nesbyen sentrum fredag klokka 9.30.
Slik såg det ut over Nesbyen sentrum fredag klokka 9.30.

Riksveg 7 stengt forbi Nesbyen

Riksveg 7 forbi Nesbyen er stengt på grunn av flaum. Omkøyring forbi Nesbyen sentrum er skilta.

Det opplyser Statens vegvesen i ei pressemelding. Vegen er stengt etter at Hallingdalselva har stige kraftig ut over natta. Det er no omkøyring frå Svenkerud via Nes austside til Nesbyen sentrum og Allfarvegen fram til Nesbyen Auto. 

Det varme vêret dei siste dagane har sett fart på snøsmeltinga. Mange av sideelvene til Hallingdalselva går no flaumstore. Det gjeld mellom anna Rukkedøla i Nesbyen. 

Artikkelen held fram under annonsen.

I området der Rukkedøla møter Hallingdalselva ligg store deler av jorda under vatn. Også deler av Nesflata og heile markedplassen på Nesbyen ligg under vatn. 

Skadeomfanget på markedsplassen er uklart. Dette vil fyrst kome for ein dag når flaumvatnet er borte. 

Liodden

Eit anna område som er hardt ramma er Liodden camping aust for Nesbyen. Store deler av campingplassen ligg under vatn. Ved fleire av campinghyttene står flaumvatnet bokstavleg tala på dørstokken. Flaumen har også sperra den vanlege innkøyringa til campingplassen.

I Hovet har deler av elvekanten etter Bergsåne rasa ut.
I Hovet har deler av elvekanten etter Bergsåne rasa ut.
Riksveg7 forbi Nesbyen er no stengt på grunn av flaumen. Biletet er frå avkøyringa til Nesbyen sentrum.
Riksveg7 forbi Nesbyen er no stengt på grunn av flaumen. Biletet er frå avkøyringa til Nesbyen sentrum.
Det var ikkje dei beste forholda for minigolf i Hallingdal feriepark på Kristi himmelfartsdag i år.
Det var ikkje dei beste forholda for minigolf i Hallingdal feriepark på Kristi himmelfartsdag i år.
Fleire var framme for å dokumentere at marknadsplassen på Nes låg under vatn.
Fleire var framme for å dokumentere at marknadsplassen på Nes låg under vatn.
Eit bustadhus på Trillhus i Ål har Hallingdalselva heilt inn på muren torsdag kveld.
Eit bustadhus på Trillhus i Ål har Hallingdalselva heilt inn på muren torsdag kveld.
Det var alle mann til pumpene på Hoftun camping på morgonkvisten torsdag etter at vatn trekte gjennom flaumvollen. Ein bebuar vart evakuert og brannvesenet måtte kome med vasspumper.
Det var alle mann til pumpene på Hoftun camping på morgonkvisten torsdag etter at vatn trekte gjennom flaumvollen. Ein bebuar vart evakuert og brannvesenet måtte kome med vasspumper.
Liodden Camping fekk vatnet heilt inn på dørstokken.
Liodden Camping fekk vatnet heilt inn på dørstokken.
Kåre Stave (svart jakke) har hatt sin fulle hyre med å leie vatnet i ein flaumstor bekk over i Kvinda. Natt til torsdag gjekk vatnet over vegen.
Kåre Stave (svart jakke) har hatt sin fulle hyre med å leie vatnet i ein flaumstor bekk over i Kvinda. Natt til torsdag gjekk vatnet over vegen.
Elva Kvinda har tatt nytt løp ved Vangen i Ål.
Elva Kvinda har tatt nytt løp ved Vangen i Ål.
På eigedomen til Tess i Gullhagen industripark måtte gravemaskinene grave grøfter for å leie vatnet bort frå eigedomen.
På eigedomen til Tess i Gullhagen industripark måtte gravemaskinene grave grøfter for å leie vatnet bort frå eigedomen.
Rv7 er som ei dike forbi Nesbyen.
Rv7 er som ei dike forbi Nesbyen.

Rukkedøla går som sagt flaumstor, men førebels er det ikkje kritisk ved Hajembrua i sentrum. Dette er eit kritisk punkt. Dersom brua ikkje greier å ta unna for vatnet, kan det fløyme inn i sentrum.

Kvinda og Bergsåne

I Ål har elva Kvinda skapt problem. Deler av elva har tatt nytt løp inn ein hage ved Vangen. Vatnet renn no vidare ut på gangvegen og attende til hovudløpet.  

Også Hovet er ramma av flaumen. Deler av elvekanten i Bergsåne ved Sunnhov er rasa ut på grunn av dei store vassmengdene i elva. Vassføringa var på det høgaste i natt, men ifylgje naboane går elva framleis flaumstor. 

Stor spenning

Vatnet stig også i Krøderen. Klokka åtte fredag morgon vart vass-standen i Krøderen målt til 134,5. Ein har dermed passert nivået for femårsflaum med god margin, som er 134,33. Ein vasstand på 134,63 er rekna som tiårsflaum, mens femtiårsflaum er 135,23, ifølgje NVE.

Den store spenninga no er kva som vil skje vidare ut over dagen. Ifylgje NVE (Norges vassdrag og energidirektorat) er det venta at vassføringa vil stige i fleire av vassdraga. Det er framleis mykje snø att i fjellet.