Kristin Krohn Devold, på leit etter lokalmat på lunsjbordet på Dr. Holms. – Skilting er viktig. Fortel folk kva dei et og dei set meir pris på maten, seier ho og smakar seg fram til ein chevre frå Hardangervidda.
Kristin Krohn Devold, på leit etter lokalmat på lunsjbordet på Dr. Holms. – Skilting er viktig. Fortel folk kva dei et og dei set meir pris på maten, seier ho og smakar seg fram til ein chevre frå Hardangervidda.

Reiselivs-Norge for millionærar

Høgkostlandet Norge kan bli eit internasjonalt reisemål. Det viktige er å vite kven ein skal invitere.

– Det handlar ikkje om å vere først, seier Kristin Krohn Devold, adm.dir. i NHO Reiseliv. Måndag var ho langt frå først i matkøen på Dr. Holms på Geilo. Årets reiselivskonferanse «Først mot framtida» starta ved matbordet.

– Framtida kjem like fort på alle. Men ein må vere budd, og så må ein jobbe med framtida, ikkje mot, seier direktøren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rikfolk til rikmannsland

Det er mykje merksemd rundt alt som hindrar eit levedyktig reiseliv. Det sa også Hol-ordførar Tony Kjøl i opningstala.

– Reiselivet har eit ufortent dårleg rykte. Når me kjem ut herifrå i morgon skal me framsnakke reiselivet, sa han.

Kristin Krohn Devold ville i hovudsak ta for seg kva som er mogeleg, ikkje det er som umogeleg. Før seansen starta sa ho dette til Hallingdølen:

– Me er eit høgkostland. Det kjem me ikkje bort frå. Men det finst ein veksande middelklasse og mange millionærar der ute. Dei kan me bli endå flinkare til å nå ut til, seier NHO-direktøren.

Veksten kjem frå aust

26. og 27. mai var bortimot 100 plassar gjort klare i konferansesalen på Dr. Holms. Direktør for reiseliv og kultur i Innovasjon Norge, Audun Pettersen var ein av dei.

– Korleis ser reiselivsframtida ut?

– Trafikken vil kome frå aust. Me må tilpasse oss når Asia, India og Brasil ser til Norge. Då har næringa eit val, enten investere for framtida eller berre drive på som før, seier Pettersen. Han er ikkje tvil om kva han meiner er det rette valet. Innovasjon Norge jobbar både med å utvikle næringa og å marknadsføre Norge internasjonalt.

Betre skilting på matbordet

Etter innlegg frå reiselivstoppane var det også lagt opp til mindre sesjonar med alt frå miljøsertifisering til internasjonalt sal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilbake ved matbordet har Kristin Krohn Devold omsider lykkast i å finne noko ho meiner er lokalmat.

– Det står ikkje men det smakar som chevre frå Hardangervidda. Hadde ein vore like flink til å skilte norske matbord som ein er til å merke stigar i fjellet, så hadde det vore bra, seier ho.