Arnt Skansen (SV) håpar kommunedirektør Reidun Halland ombestemmer seg. (Arkivfoto) Foto: Tor Folgerø

– Reidun, kom tilbake!

Kommunedirektør Reidun Halland har høg tillit i kommunestyret. Fleire av politikarane i Hemsedal håpar ho vil vurdere å trekkje oppseiinga tilbake.

Halland sa nyleg opp som kommunedirektør i Hemsedal, og tysdag kom grunngjevinga: Ho meiner politikarane ikkje har sett henne i stand til å gjera jobben sin i ei konfliktsak mellom henne og kontrollutvalet som handlar om arbeidsmiljø i helsesektoren.

Ein av dei som håpar ho vil trekkje oppseiinga tilbake, er Arnt Skansen (SV). – Det er ikkje bra at Hemsedal mistar kontinuitet på toppen. Eg håpar framleis at det går an å få Halland til å ombestemme seg, seier han.

Les også
– Eg har jobba som leiar i 25 år og har ikkje opplevd liknande

Skansen var leiar av kontrollutvalet i førre periode. Han synest det er vanskeleg å kritisere sitjande kontrollutval for si handtering av saka.

– Kontrollutvalet er ikkje eit klageorgan som skal behandle personalsaker enkeltvis. Derimot skal dei behandle saker på systemnivå. Det er vanskeleg å svare på om kontrollutvalet har handtert dette rett. Det er ingen utanfor utvalet som veit kva denne saka dreier seg om, seier Skansen.

Dette er saka:

* I april gav kontrollutvalsleiar Odd Holde kommunestyret informasjon om at dei hadde fått fleire bekymringsmeldingar om dårleg arbeidsmiljø i ei avdeling i helse- og omsorgssektoren.

* Utvalet oppfatta meldingane som så seriøse og alvorlege at dei ville be Viken kommunerevisjon IKS om å gjennomføre ei uavhengig undersøking.

* Kommunedirektøren har søkt innsyn i kva bekymringsmeldingane handlar om, men kontrollutvalet nektar gje henne denne informasjonen. Grunnen er at dei har gitt løfte om anonymitet til dei som har varsla.

* 28. mai varsla Reidun Halland at ho seier opp jobben som kommunedirektør i Hemsedal. I dag orienterte ho formannskapet om grunnen til at ho sluttar.

Fire direktørar på seks år

– Halland har vist styrke og integritet. Det er ein slik kommunedirektør Hemsedal treng, seier Steinar Bleken (V). Han meiner det er urovekkande med så sterk gjennomtrekk. Dette er den fjerde rådmannen eller kommunedirektøren som sluttar i den perioden han har vore lokalpolitikar. Er det ein ukultur som gjer at kommunen stadig kjem i denne situasjonen?

– Denne saka kom skeivt ut frå hopp, seier Steinar Bleken (V). (Arkivfoto) Foto: Arkiv

– Det må vera meir ope. Kvar gong det er noko vanskeleg som skal diskuterast, skjer det for lukka dører. Folk tør ikkje å snakke i opne møte. Vel, då får dei heller teie stille, tenkjer eg. Eg trur det trengst større openheit for at tilliten skal kunne utviklast. Manglande openheit fører berre til spekulasjonar og ryktespreiing, seier han. I siste kommunestyremøte var det likevel Venstre gjekk lengst i å gje garanti om anonymitet.

Les også
Seier opp etter berre åtte månader: – Dette var ei svært dårleg nyheit å få
Les også
– Dette er eit tap for Hemsedal

Korleis er anonymitet eit bidrag til større openheit?

– Denne saka kom skeivt ut frå hopp. Kontrollutvalet skulle ikkje tatt saka og skulle ikkje lova anonymitet. Men når dei først hadde gjort det, kan me ikkje rette opp éin feil ved å gjere ein ny og meir alvorleg feil. Kommunen har dårleg historikk på å røpe identiteten til anonyme kjelder, seier han.

– Saka høyrer ikkje heime i pressa

– Me mistar ein dyktig kommunedirektør. Eg synest dette er frykteleg trist. Me har ein jobb å gjere, seier Helene Sagabråten (Ap).

Artikkelen held fram under annonsen.

Helene Sagabråten (Ap) seier det er kontrollutvalet som har skapt situasjonen som resulterer i at kommunedirektøren sluttar. (Arkivfoto) Foto: Arkiv

– Kva består den jobben av?

– Me må ha klare liner i kven som har ansvar for kva. Ei personalsak om arbeidsmiljø og leiarskap er ikkje ei sak for eit politisk organ. Eg synest det er merkeleg at kontrollutvalet har handtert saka på denne måten. Det er kontrollutvalet si handtering som har skapt denne situasjonen. Og det er ille at saka har skapt mykje uro blant tilsette i kommunen, seier Sagabråten.

– Det er ei lei sak for alle. Saka har køyrd seg fast, seier Andreas Smith-Erichsen (H). I grunngjevinga til formannskapet sa Halland at måten saka blir handtert vidare, vil vere av stor betydning, ikkje minst for kommunen sitt omdømme.

Les også
– Kontrollutvalet trenerer saka

– Korleis meiner du at saka bør handterast?

– Det får me diskutere i politiske fora, ikkje i pressa, seier Smith-Erichsen.

– Lovverket er klinkande klart

– Eg synest dette er frykteleg leit. Dette burde me klart å ordne opp i før det gjekk så langt. Lovverket er klinkande klart at denne saka høyrer heime på kommunedirektørens bord, seier Petter Owesen (HBL). Han synest politikarane einsidig har vore opptatt av kontrollutvalet sitt anonymitetsløfte til dei som sa frå om kritikkverdige forhold.

– Eg synest dette er frykteleg leit. Dette burde me klart å ordne opp i før det gjekk så langt, seier Petter Owesen (HBL). Foto: Arkiv

– Men det kan ikkje vere slik at viss du er usamd med sjefen, kan du gå til kontrollutvalet og klage på dårleg arbeidsmiljø. Då gløymer me at det er ein part til i denne saka, nemleg avdelinga som blir skulda for dårleg arbeidsmiljø. No går heile helse- og omsorgsektoren i uvisse om kva som har skjedd. Og dei har jobba ræva av seg gjennom ein heil pandemi, seier han.

Les også
Har tillit til kommunedirektøren
Les også
Kjem med ramsalt kritikk mot kontrollutvalet

– No gjeld det å navigere klokt

Ordførar Pål Rørby (Sp) har ved fleire høve uttrykt at han sterkt beklagar at Reidun Halland trekkjer seg som kommunedirektør. Sist kommunestyret var samla oppfordra det politiske fleirtalet til «dialog og samarbeid», slik at kommunedirektøren kan starte jobben med å rydde opp i eventuelle utfordringar i arbeidsmiljøet.

– Denne saka har balla på seg og vakse. No gjeld det å navigere klokt. Det er viktig at me får landa dette før sommaren, seier ordførar Pål Rørby. (Arkivfoto) Foto: Arkiv

– Dialogen førte ikkje fram, seier Rørby. Saka kjem difor opp på nytt neste onsdag. Rørby vil ikkje svare på om det kan bli aktuelt å instruere kontrollutvalet om å dele informasjon eller om det er aktuelt å reise mistillit til kontrollutvalet.

– Denne saka har balla på seg og vakse. No gjeld det å navigere klokt. Det er viktig at me får landa dette før sommaren, men det er vanskeleg å spekulere i kva som er alternativa. Difor har eg kalla eit utvida formannskap til eit ekstraordinært møte. Eg vil samle alle partia for å diskutere vegen vidare, seier Rørby.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
– Brua skal byggjast
Les også
Eksotisk kveldsbesøk av gaupe
Les også
Elektrisk på to hjul — her er reglane
Arnt Skansen (SV) håpar kommunedirektør Reidun Halland ombestemmer seg. (Arkivfoto) Foto: Lillian Holden