Helseminister Ingvild Kjerkol, finansminister Trygve Slagsvold Vedum, statsminister Jonas Gahr Støre og FHI-direktør Camilla Stoltenberg under regjeringas pressekonferense om koronasituasjonen i Oslo i Marmorhallen.

Regjeringa innfører meteren på nytt

Koronasmitten aukar. Regjeringa strammar til med fleire tiltak for å avgrense smitta.

Det vart kjent på regjeringa sin pressekonferanse klokka 19 tysdag kveld.

Det har gått vel 70 dagar sidan dåverande helseminister Bent Høie bretta saman meteren og putta han i lomma. Tysdag kveld vart meteren pakka opp igjen av statsminister Jonas Gahr Støre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Over 60 smitta dei siste to vekene: - Må vere budd på meir

– Me har håpa at jula kunne bli som før. Men no er situasjonen så alvorleg at me må sette inn nye strenge tiltak. Mange føler at me rykkjer tilbake til start. Men det er uansvarleg ikkje å ta dette på det største alvor, seier Støre.

Jonas Gahr Støre held pressekonferanse om koronasituasjonen.

– Det er tung å hente fram munnbind og meter igjen, men det er heilt nødvendig. Kapasiteten i helsesektoren er utfordra i mange kommunar. Viss smittetrenden ikkje snur, er det fare for at kapasiteten og fagfolka blir overbelasta. Det sit ingen klare på reservebenken, viss fagfolk treng pause, seier helseminister Ingvild Kjerkol.

Alle nye nasjonale tiltak og påbod trer i kraft ved midnatt, natt til torsdag.

Smittevern

Ein del bransjar må rette seg etter krav om å drive smittevernfagleg forsvarleg for å kunne holde ope: Bibliotek, symjehallar og badeland, spaanlegg, hotellbasseng, treningssenter, bingohallar, spelehallar, kjøpesenter, butikkar, varemesse og marknader.

Dette betyr at verksemda må ha rutinar for god hygiene, godt reinhald og lufting, og sørgje for at det er råd å halde avstandskrav.

Hald avstand

* Det blir nasjonalt påbod om munnbind på stader der det ikkje er råd å oppretthalde avstandskravet om éin meter. Kravet gjeld ikkje i barnehage og skule.

* Det er tilråding om maksimalt ti gjester i private heimar ut over eigen husstand. Dette er ei tilråding, ikkje eit påbod.

* Regjeringa oppmodar generelt om å redusere talet på nærkontaktar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fritidsaktivitetar

* Bør gjennomførast utandørs så langt det er råd. Garderobar bør haldast stengt.

* Ved organisert aktivitet innandørs, er tilrådinga at vaksne er i grupper på maksimalt 20 personar. Hald to meter avstand ved høgintensiv trening.

* Det er ikkje gitt konkret tilråding om kor mange barn og unge under 20 år som kan delta på idrett, kultur og fritidsaktivitetar.

Skule og utdanning

* Det skal vere jamleg testing i skular med høgt smittetrykk.

* Ved behov skal kommunane igjen ta i bruk trafikklysmodellen i skular og barnehagar.

* Det kan arrangerast samkome for barn i barnehage eller barneskule med heile klassar med nødvendig mange vaksne til stades.

* Universitet, høgskular og fagskular bør så raskt som praktisk råd innføre undervisning i mindre grupper og meir digital undervisning.

Arbeidsliv

* Påbod om at arbeidsgjevar skal leggje til rette for heimekontor der det er mogleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Tilråding om munnbind om det ikkje er råd å halde avstand.

Arrangement

* Minnestund etter gravferd eller bisetting kan ha maksimalt 50 personar. Sjølve gravferda blir rekna som offentleg arrangement med fast tilviste plassar.

* Maksimalt 20 personar på private samkome på offentleg stad, i lånte eller leigde lokale.

* På offentlege arrangement kan det maksimalt vere 600 personar, fordelt på tre kohortar, kvar på 200 personar. Det må vere fast tilviste sitteplassar og to meter mellom kohortane.

* Maksimalt 50 personar på offentlege arrangement utan faste sitteplassar.

* Arrangørar skal føre oversikt over kven som er til stades og ha ansvar for at gjennomføringa er smittevernfagleg forsvarleg. Det inkluderer at det er minimum éin meter avstand mellom folk som ikkje er i same husstand.

Serveringsstader

* Bordservering blir gjeninnført.

* Éin-meters-regelen gjeld også på serveringsstader. Medlemmer i same hushald kan sitje tettare.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Det er innført skjenkestopp klokka 24.

* Serveringsstader må registrere kontaktopplysningar til alle gjester som samtykkjer.

Hallingdølen oppdaterer saka.

Les også
Folket har talt - dette tiltaket får pengegåve frå kommunen
Les også
Endå ein bebuar ved Helsetunet har testa positivt
Les også
Seks smitta i Nesbyen - elevar ved skulen er råka