Ein hytteeigar reagerer då han fekk sjå desse bileta på sikkerheitskameraet sitt på hytta.

Reagerte då han fekk sjå desse bileta frå tomta si

Steinar Tafjord har hytte rett i nærleiken av der «Ex on the beach» blir spelt inn i Hemsedal. Han reagerer på at personar frå innspelinga måndag var på tomta hans utan løyve.

Det var Kampanje som først omtalte saka.

– Dei rygga to jeepar heilt opp til hytta mi. Først tenkte eg det var tjuveri, men det kom ei blond jente ut med bind for auga, det ser jo heilt ko-ko ut. Dei sette opp eit stativ og begynte filme, seier Tafjord til Kampanje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Omstridd

Hendinga skal ha skjedd i løpet av måndag formiddag. Tafjord seier også at ein person skal ha prøvd å opne døra til eit bygg på tomta hans.

Hallingdølen har i fleire omgangar skrive om reality-programmet «Ex on the beach», som i år blir spelt inn i Hemsedal. Ordførar Pål Rørby har vore tydeleg på at han ikkje ønsker denne produksjonen i bygda, men no er innspelinga i gang.

Hallingdølen var i Hemsedal på måndag, same dag som deltakarane sjekka inn på luksushytta dei skal bu på. Den har blitt sperra av med fleire meter høge gjerde som skal skjerme for innsyn.

– Beklagar

Ifølgje Kampanje har Tafjord hytte eit par hundre meter frå denne staden. Han er lite nøgd med det som skjedde måndag.

– Slik Rubicon (produksjonsselskapet, red.anm.) har tråkka seg fram på mi tomt og tatt seg til rette, kan eg ikkje forstå er innanfor regelverket, seier han.

Les også
Rullar ikkje ut raud løpar for TV-teamet

Discovery har forklart hendinga for Kampanje. Kommunikasjonsrådgjevar Ola Magnus Svihus seier produksjonen har rygga opp ein blindveg for å kunne filme fleire ankomstar med bil.

– Ein deltakar har då gått, utan løyve, for å kunne skifte klede ved hyttetomta. Produksjonen var i kontakt med hytteeigar etter filminga i går, og vårt inntrykk er at denne situasjonen er avklart, seier han.

– Om Tafjord opplever det som belastande at me har vore på tomta hans så beklagar me det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Reagerer kraftig på omstridd reality-TV i Hemsedal: – Dei har gått bak ryggen på oss
Les også
Slår tilbake mot ordførar-kritikken: – Me har prøvd å få til eit møte