Pål Golberg rauk ut i semifinalen i Drammen.
Pål Golberg rauk ut i semifinalen i Drammen.

Rauk etter lureløp

Pål Golberg såg sterk ut under kvartfinalen, men fekk det tøft under semifinalen i Drammen.

Frå start i kvartfinalen la Golberg seg på halen. Midtvegs i heatet tetta han luka til teten. God glid og taktikk sendte han opp i føringa i løpet av ei utforkøyring. På oppløpet fekk han og lagkamerat Sindre Bjørnestad Skar kamp om avansementet av Pellegrino, men dei to norske løparane tok seg vidare til semifinalen. 

God norsk dag

Der er det heile åtte norske løparar, fordelt på dei to heata.

Artikkelen held fram under annonsen.

I det fyrste gjekk Eirik Brandsdal, Johannes Høsflot Klæbo, Pål Trøan Aune og Sondre Turvoll Fossli. I det andre var det Oskar Svensson og Richard Jouve mot dei fire norske løparane Sindre Bjørnestad Skar, Pål Golberg, Eirik Wallnes og Sivert Wiig. Frå start vart det ikkje sett stor fart, og Golberg gjorde som i kvartfinalen og la seg bak frå start. Mot slutten avanserte han kraftig, og på oppløpet kjempa han om finaleplass. Men Golberg vart nokre meter bak franske Jouve og svenske Oskarsson. Fotofinishen mellom han og Bjørnestad Skar vart berre om verdscuppoeng, ingen av dei to på tredje og fjerdeplass gjekk vidare til finalen.

Suveren

I herrefinalen var Johannes Høsflot Klæbo suveren. Han vann føre Eirik Brandsdal og franske Jouve. Maiken Caspersen Falla vann kvinneklassen føre Astrid Uhrenholdt Jacobsen og Natalia Neprajeva.

Pål Golberg tok seg greitt vidare frå prologen under verdscupsprinten i Drammen tysdag.

Med fjortande beste tid var han nesten åtte sekund etter prologvinnar og storfavoritt Johannes Høsflot Klæbo. Golberg valde det femte kvartfinaleheatet med mellom andre Sindre Bjørnestad Skar og Fedrico Pellegrino av dei største utfordrarane.