Nes barneskole, (på bilete) blir ikkje slått saman Nes ungdomsskole.
Nes barneskole, (på bilete) blir ikkje slått saman Nes ungdomsskole.

Rapport i Nes: Skule-samanslåing gir ingen gevinst

Nes-politikarane er samde: Skulane i blir ikkje slått saman.

Barneskulen og ungdomsskulen er lokalisert i to forskjellige bygg eit steinkast frå kvarandre.

Vedtaket i kommunestyret om å vurdere ei samanslåing, vart forstått slik at det var økonomisk motivert. Men fordi økonomi heng tett saman med faglege, personalmessige og driftsmessige sider, var det nødvendig å få ei heilskapleg konsekvensutgreiing. Det er denne som no ligg på bordet, og som konkluderer med at gevinsten med ei samanslåing av Nes barneskole og Nes ungdomsskole/Nes og Flå kulturskole i eksisterande bygningsmasse ikkje vil gi økonomiske innsparingar i dag, men kan i staden resultere i redusert motivasjon, mindre elevkontakt og dårlegare skuleresultat ved begge skulane. Rapporten er utarbeidd av konsulentselskapet WSP Norge AS.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lite å hente

Skulane i Nes leverer resultat i toppsjiktet. Derfor er det lite å hente på kvalitet, ifølgje konsulentane.

Fordi ein vil spare kostnader er det i staden ein risiko for at ein ikkje vil klare å behalde kvaliteten i skulen. Grunnen er at fordi merksemda om å bygge opp ein felles organisasjonskultur, organisasjonsstruktur og leiarmodell stel tid frå kjerneoppgåva: Den faglege og sosiale utviklinga til elevane.

Rådet deira er at skulane bør vidareutvikle samarbeidet dei har i dag, intensivere dette, og sikre at alle tilsette deltek i eit systematisk samarbeid.

Skapte usikkerheit

Dei tilsette har vore bekymra for at skulane skulle bli slått saman. Kvifor endre noko som er bra, var reaksjonen deira.

Det er synd at lærarar og andre synest dette har vore ein ubehageleg prosess som har skapt usikkerheit. Det har ikkje vore grunn til det. Me vil gå vidare med same organisering, sa Geir Olav Garthus (Sp) i kommunestyret.

– Nes har ein av dei beste skulane i landet. Me kan ikkje klatte til det. Men økonomien blir utfordrande i åra som kjem. Me må snu alle steinar. Me brukar mykje pr. elev samstundes som innbyggjartalet er fallande. Det er derfor me har bestilt denne rapporten, sa Bård Heio (H).

Kostnaden på 200.000 kroner var ikkje bortkasta, meinte Heio. Rapporten har gitt gode svar.

– Ein grunn til me scorar så høgt er skulestrukturen. Det er viktig med ei felles forståing, sa Audun Aasheim (Bygdelista).

Artikkelen held fram under annonsen.

Ny vurdering seinare?

Det var eit samrøystes kommunestyre som vedtok at skulane ikkje skulle slåast saman.

Men det skal samarbeidast tettare enn før. I rapporten blir det tilrådd at kommunen vurderer ei samanslåing på nytt om fem til ti år, når elevtalet gir grunnlag for at ein kan samle begge skulane i eitt bygg.