Telenor og statsforvaltaren stadfestar: Problema med nødnummera er ordna
Onsdag kveld skal Telenors mobilnett og nødnummer fungere att som normalt.
Det var tidleg onsdag føremiddag problema med nødnummera 110, 112 og 113 vart oppdaga. Det var også trøbbel med telefonnummeret 02800.
Det er alvorleg, for alle nødetatane brukar Telenors mobilnettverk for kommunikasjon.
Artikkelen held fram under annonsen.
I heile dag har Telenor jobba med å løyse feilen. Rett etter klokka 17 melde Telenor og statsforvaltarane at problema er løyst.
Oslo, Søraust, Innlandet, Aust, Møre og Romsdal og Finnmark politidistrikt var blant politidistrikta som hadde problem med telefonnettet
Også brannvesena hadde problem med 110 og frå helesevesenet kom meldingar om at 113 ikkje fungerte.