HFK-damene i full jubel etter andre scoring mot Sandefjord.
HFK-damene i full jubel etter andre scoring mot Sandefjord.

Poengjubel for HFK

Sundagens heimekamp mot Sandefjord enda med jubel for HFK-damene.

Damelaget til HFK har ein tøff vårsesong bak seg. Haustsesongen starta bra med sju poeng på dei tre fyrste kampane i august. Sidan har det gått opp og ned. Før sundagens heimekamp mot Sandefjord låg HFK på 11.-plass på tabellen med 13 poeng på 19 spelte kampar. Alt tidleg i kampen vart det klart at HFK var på nådelaus poengjakt. Etter sju spelte minutt stod stillinga 1-0 til heimelaget. Til pause leia HFK 2-0. I andre omgang sette Sandefjord opp tempoet. Det vart nokre nervepirrande siste minutt då bortelaget jakta scoring for å kunne utlikne. Men hallingane heldt oppe trykket til siste slutt, og fekk med seg tre etterlengta poeng. Stillinga enda 2-1 til HFK. Dermed klatrar damelaget opp til niandeplass på tabellen med 16 poeng totalt. Neste sundag møter HFK tabellnabo Stathelle på bortebane.