– Plast er eit materiale som på mange område fører med seg store miljøproblem, men som også kan bidra til å løyse store miljøproblem
Hallingplast har blitt ein leiande produsent av plastrøyr i Norden. Lokalt forankra i over 50 år har bedrifta utvikla framtidsretta løysingar.
Hallingplast er ein av seks bedrifter som er nominert til Næringsprisen. Den blir delt ut under Hallingdalskonferansen 29. august. På Hallingdølens nettside kan du vere med å stemme fram ein vinnar. Alle kandidatane vil bli presentert gjennom Hallingdølen i løpet av veke 32.
– Bedrifta har hatt ei nærast kontinuerleg vekst i omsetning og talet på tilsette, sjølv om den største veksten har kome dei siste ti åra, fortel Sverre Tragethon.
Artikkelen held fram under annonsen.
Frå 2021 tok han over ansvaret som dagleg leiar, som tredje generasjon i familien.
Bedrifta starta i det små attende i 1969. Porteføljen, kundane og marknaden har forandra seg mykje gjennom alle åra. Likevel er det produkt av plast til infrastruktur og bygg som er hovudfokus til bedrifta.
Langsiktige relasjonar
I dag har Hallingplast 120 tilsette i Norge og 10 tilsette i Norden. Sjølv med vekst og ekspansjon er all produksjon framleis ved fabrikken i Kleivi Næringspark.
– Me er lokalt forankra og har investert i bedrifta over tid. Det har vore fokus på stabile og store marknader som produkt til vatn og avløp, kraftlinjer og fiskeoppdrett, fortel Tragethon.
Slik stemmer du fram din kandidat til å vinne Næringsprisen:
I vindauget under kan du stemme på din favoritt. I fjor vart det gjort endringar for å unngå «kampanjeavstemming», og det er difor berre lov å stemme ein gong i løpet av heile perioden.
Bedrifta er no også representert i alle dei nordiske landa.
– Den gode utviklinga er basert på langsiktig tenking og tilpassing, meiner den daglege leiaren:
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me har drive utvikling og tilpassa oss, hatt gode samarbeidspartnarar og god kvalitet på produkta våre. Bedrifta har hatt eit stort fokus på kundane og bygd langsiktige relasjonar med desse.
Hallingplast
Oppretta i 1969
Produserer fleksible heilsveiste røyrsystem i høgkvalitetsplast til bruk for geo-energi og energilagring i bakken.
– Bedrifta har 120 tilsette i Norge og 10 tilsette utanfor Norge
– All produksjon skjer ved fabrikken i Kleivi Næringspark
Klar visjon
Det er viktig for Hallingplast å bidra til at det blir brukt meir resirkulert plast i produksjonen.
I 2024 er planen å installere eit nytt resirkuleringsanlegg i Kleivi. Tanken i første omgang er å ta gamle plastrøyr frå oppdrettsnæringa, og å gjera desse til råvare for nye røyr. Anlegget vil ha ein kapasitet på 10.000 tonn.
– Berekraft er ein berebjelke i det me gjer. Plast er eit materiale som på mange område fører med seg store miljøproblem, men som også kan bidra til å løyse mange store miljøproblem, seier Tragethon.
I 2022 hadde Hallingplast ei omsetning på 778 millionar kroner. Sjølv om dei satsar i utlandet, har dei fokus på lokal produksjon.
– Me har eit stort hjarte for lokalsamfunnet som me er ein del av. Heile vegen har me investert kontinuerleg lokalt i Hallingdal, seier Tragethon
Han fortel at dei vil skape grunnlag for vidareutvikling i Hallingdal.
Artikkelen held fram under annonsen.
– På personalpolitikken prøver me aktivt å rekruttere lokalt så mange som me kan, og skape grunnlag for våre eigne tilsette til å vidareutvikle seg. Me jobbar også aktivt for å støtte lokalt næringsliv ved å bruke lokale leverandørar.
Desse er nominert til årets næringspris:
Reine Element
Sparebank 1 Hallingdal Valdres
Sundbrei Transport
Hallingdal Lyd
Hallingplast
Himmelspannet