Fulle parkeringsplassar i Geilo sentrum fredag føremiddag.

«Påsketilstandar» på Geilo: — Det var dette me frykta

Fredag klokka 13.00 vart det registrert 10.261 mobiltelefonar i Hol. Det er langt over ei dobling av folketalet, og nettopp det kommunen ikkje ønska skulle skje.

– Me hadde frykta det, men håpa på noko anna, seier kommuneoverlege Geir Strømmen.

– Eg er skikkeleg bekymra. No håpar eg at folk tek seg i vare. At dei til dømes prøver å spreie handling i butikkar utover heile dagen. At dei verkeleg er nøye med å halde avstand til kvarandre, og unngå store forsamlingar. Butikkane må sette opp plakatar, og gjere tiltak slik at dei får eit avgrensa tal menneske inne til ein kvar tid. Det er heilt avgjerande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fryktar vanskeleg smittesporing

Heilt sidan hytteforbodet kom, har det knapt vore tilreisande i Hallingdal. I påskeveka, «den stille veka» var det ikkje meir enn 23.000 — 24.000 menneske i dalen. Måndag vart hytteforbodet oppheva, men myndigheitene har likevel oppmoda til å redusere talet på fritidsreiser så mykje som mogleg.

No har folk for alvor begynt å røre på seg. Fredag klokka 13.00 vart det registrert 39.825 mobiltelefonar i dalen. Det er rundt 15.000 fleire enn i påska. Hol toppar statistikken med 10.261, medan det har vore ei bra auke også i Ål det siste døgnet. Der er det no registrert 7618. I Flå er folketalet nær tredobla, til 2927.

KommuneTal på registrerte mobiltelefonar
Flå2927
Nesbyen5701
Gol7385
Hemsedal5933
Ål7618
Hol10261
Totalt39825

Tala kjem via systemet UMS (Unified Messaging Systems), som er hallingdalskommunanes felles varslingssystem for kriser. Systemet gir ein indikasjon på kor mange mobiltelefonar det er i Hallingdal til ein kvar tid, og gir slik det beste biletet av kor stor trafikken i dalen er, og kor mange menneske som faktisk oppheld seg her.

Les også
No har det kome nye reiseråd: — Forstår godt at folk er forvirra

Kommunane i Hallingdal har meldt at dei er rigga for å ta imot fleire menneske, med tanke på beredskap. På dei vekene som har gått sidan stenginga av samfunnet har dei hatt tid til å områ seg. Hovudbekymringa til kommuneoverlege Strømmen er rett og slett smittesporing, om den auka trafikken skulle resultere i meir smitte i Hol.

– No er det meldt om påskestemning på Geilo. Det er mykje turistar og bilar. Me må raskt få på plass tiltak som gjer at det ikkje blir for store samlingar av menneske. Då kan det bli eit smittepress. Oppstår det smitte, vil me få ein forferdeleg vanskeleg smittesporingsjobb i etterkant, seier han.

Tør ikkje spå

Hol hadde planlagt å gjere fleire tiltak over helga, for å bu seg på ei auke dei ikkje trudde ville bli veldig høg før neste helg. No må dei kaste om på planane, og mobilisere.

– Det er enno berre fredag formiddag. Er du redd det kjem til å kome eit stort innrykk også i løpet av kvelden?

– Eg tør ikkje spå noko lenger. Eg har alt tatt feil, seier Strømmen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Reiseråd frå FHI

* Er du sjuk skal du ikkje gjennomføre fritidsreiser, heller ikkje til hytta. Då skal du vere heime.

* Du skal ikkje reise eller dra på hytta om du er i karantene. Det einaste unntaket er når du er utan symptom, og opphald på hytta er einaste måte å unngå nær kontakt med eit koronasjukt medlem i husstanden din.

* Reis heim, om tilstanden tillèt det, om du blir sjuk medan du er på hytta eller på reise.

* Ikkje ta reiser eller aktivitetar som gir auka risiko for at du får behov for hjelp frå redningstenesta eller helsetenesta.

* Unngå kollektivtransport når det er mogleg.

* Sørg for å følgje helsemyndigheitene si oppmoding om to meters avstand til andre rundt deg. Du bør i størst mogleg grad berre vere saman med dei du er saman med til vanleg, og er på reise med.

* Unngå trengsel i butikkar som er dimensjonert for færre menneske. Ta om nødvendig med deg det du treng heimanfrå.

* Sjekk nettsida til kommunen du skal reise til for å finne ut om dei har lokale restriksjonar eller råd som er relevant.

Beredskapsrådgjevar Espen Bille-Larsen fortel at kommunen no har sett iverk fleire strakstiltak. Blant anna er beredskapsgruppa sendt ut til alle butikkar i Hol kommune, for å gi råd, sørge for at dei skjerpar inn på informasjon om handhygiene og at det blir innført adgangskontroll i butikkane. I tillegg vurderer dei å sende ut ein varslings-SMS til befolkninga der dei blant anna minnar om kor viktig det er å halde avstand til kvarandre.

– Spøkelset me kjempar mot er forsamlingar. Det er greitt at folk reiser på hytta, men dei skal innom butikken for å handle også. No er det kaostilstander. Me har fått SMS, telefonar og mail frå bekymra innbyggarar som seier det er mykje folk og tilløp til kaos. Det er ikkje meir folk her enn det er på ei vanleg helg på vinteren, men det er ikkje dette me treng no, seier Bille-Larsen.

Til dei som no oppheld seg i kommunen, både fastbuande og tilreisande, har kommuneoverlegen følgande klare råd:

* Avgrens besøk i sentrum til eit minimum.

* Må du handle, spreie handelen utover heile dagen.

* Unngå forsamlingar.

* Hald avstand.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Kom dykk ut på ski!

Det var mykje folk og bilar rundt omkring i sentrum på Geilo fredag formiddag.
Les også
Roger Espeli: – Dette er ille! Det er katastrofe!
Les også
Hotella vegrar seg for å opne