Kommmunelege i Nesbyen, Nils Høva oppmodar studentar som vil reise heim i påskeferien til å bli der dei er.

– Påska er avlyst slik eg ser det

Kommuneoverlege Nils Høva oppmodar studentar som vil reise heim til å bli der dei er.

Påskeferien nærmar seg med stormskritt. For mange studentar betyr det at dei vender nasen heimover.

Les også
Slår karantene-alarm: - Folk slurvar med reglane

Kommuneoverlege i Nesbyen Nils Høva oppmodar derimot studentane til å bli der dei er.

Artikkelen held fram under annonsen.

– No treng me nasjonale køyrereglar, seier han.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her.

Vil ha klare tilrådingar

For nesten to veker sidan kunne helsemyndigheitene konstatere at koronasmitta no er «laus» i befolkninga. Det betyr at dei ikkje lenger kan spore smittekjelda.

– Det me såg i Italia var at når universitet stengde og studentar reiste heim, bringa dei smitta med seg. Då gjekk det berre nokon veker før det braut ut for fullt. No stengde me universitet og høgskular tidlegare, så me har ikkje fått den «boomen».

Les også
Eitt nytt tilfelle av koronasmitte i Nesbyen

Høva håper det kjem klare tilrådingar frå helsemyndigheitene - og det snart.

– Det er dumt om kvar enkelt kommunelege skal bestemme kva som skal skje i påska - det blir heilt tullete. Me bør ha klare tilrådingar når det gjeld flytting av store mengder menneske oppover. Eg er veldig skeptisk, påska er avlyst slik eg ser det.

– Sårbare

Viss myndigheitene ikkje kjem på banen og gjev klare køyrereglar, vil kommunane bli sitjande med eit «stort problem» to-tre veker etter påske, understrekar Høva.

– Det me ser har fungert er karantenereglar og at ein avgrensar reise for å halde smitta i sjakk. Me i Hallingdal er sårbare no, så folk bør halde seg der dei er.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er likevel to sider av saka, påpeiker Høva. Ein del studentar har nemleg reist heim alt.

– Dei reiste vel i tide før dei blei smitta. Så er det nokre helsestudentar som har reist heim. Dei har blitt sett i karantene i to veker. Det er veldig positivt at dei kjem, viss me får manko på helsepersonell kan me bruke dei.