Denne panelomnen starta det som kunne ha vorte ein alvorleg brann.
Denne panelomnen starta det som kunne ha vorte ein alvorleg brann.

Panelomnen smelta – førte til brannutrykking

Panelomnen som forårsaka kraftig røykutvikling i eit bustadhus i Ål hadde ein komponentfeil.

Derfor har denne typen panelomnar vore trekt tilbake frå marknaden.

– Folk må vere obs, og ikkje halde fram med å bruke desse omnane, seier innsatsleiar Ingar Danielsen i Hallingdal Brann- og redningsteneste.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alarmen gjekk i bustadhuset natt til onsdag.

Folk i huset vakna til ei kraftig røykutvikling. Årsaka hang på veggen i eit TV-rom.

– Her var det smelting og varme. Når plastikk smeltar, er det berre eit tidsspørsmål før det går over i brann, seier Danielsen.

Bilete fortel korleis varmen hadde teke tak i veggen bak.
Bilete fortel korleis varmen hadde teke tak i veggen bak.

Varmgang

Ein stor svart flekk på veggen på baksida av panelomnen fortel om varmen som hadde utvikla seg.

Brannvesenets jobb var å få lufta ut røykgassane.

Brannsjef John Bjella seier at det normalt ikkje er nokon fare med panelomnar. Men denne omnen som var kjøpt på Biltema var det ein komponentfeil ved.

Er tilbakekalla

Seinast i oktober oppstod det brann i ein bustad i Rælingen som følgje av feil på ein omn av same type.

Undersøkingar viste at styringspanelet og styringskomponentane på omnen hadde vorte overoppheta og smelta. Dette er varmeomnar med glaspanel som har vore selt i Biltemas varehus sidan 2013. Biltema har på sine heimesider bede folk umiddelbart slutte å bruke produktet og levere inn omnane. I mars 2016 gjekk Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap ut og åtvara mot å bruke omnen på grunn av fare for overoppheting og tilbakekalla produktet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Informerer

– Det har lenge vore informert om at desse omnane er tilbakekalla, seier dagleg leiar ved Biltema på Gol, Rolf Blakkestad.

Etter brannen i Ål rykker Biltema inn annonsar i Hallingdølen, og ein stor plakat utanfor butikken informerer også om omnen som er tilbakekalla.

– Me kan ikkje identifisere kjøparane, derfor annonserer me no for å informere om kva artikkelnummer dette gjeld, seier Blakkestad.

– Skal folk levere inn omnane?

– Ja, og då får dei tilbake pengane utan å måtte leggje fram kvittering. Men me kjem til å informere om dette til me har fått inn alle omnane.

– Korleis reagerer du på at ein omn utløyste brannutrykking i Ål?

– Veldig uheldig. Det setter ein støkk i oss, seier Rolf Blakkestad.