Pål Golberg.
Pål Golberg.

Pål Golberg med sterk tredjeplass i Estland

Norge dominerte langrenssprinten i Otepää i Estland. Pål Golberg vart nummer tre.

Langrenn: Det er ingen tvil kven som var beste nasjon i laurdagens verdscupsprint. I finalen stilte fem nordmenn og ein russer.

Finalen vart tøff, der Johannes Høsflot Klæbo kjempa mot Alexandr Bolsjunov. Men i siste bakken var Klæbo sterkast. Han sikra seg dermed ein ny verdscupsiger, framfor Bolsjunov.

Artikkelen held fram under annonsen.

Viste styrke

Pål Golberg hadde også ein god dag i Estland. I finalen låg han lenge eit stykke bak, men på slutten viste han styrke. Han var nummer tre på toppen av siste bakke, og den posisjonen heldt han til mål.

Eirik Brandsdal vart nummer fire.

Pål Golberg har med laurdagens tredjeplass styrka posisjonen sin framfor VM. Det er hard kamp om dei norske VM-plassane, men Golberg er pr. i dag i ein god posisjon.

Dominans

Dei norske løparane dominerte i Otepää. I semifinalen tok Norge dei tre fyrste plassane i det fyrste heatet. Johannes Høsflot Klæbo vann framfor Pål Golberg og Eirik Brandsdal.

Russiske Alexandr Bolsjunov datt i siste sving før oppløpet.

Og det gjekk like bra for dei norske i det andre heatet. Det vart vunne av Mattis Stenshagen framfor Erik Valnes og Sondre Turvoll Fossli.

Gjekk lett vidare

Pål Golberg hadde heller ingen problem i kvartfinalen. Han gjekk lett vidare, berre slått av Johannes Høsflot Klæbo.

Alle dei åtte norske kom seg vidare til semifinale.

Artikkelen held fram under annonsen.

Prologen

Golberg vart nummer fire i prologen tidlegare på dagen. Raskast av alle i prologen var Johannes Høsflot Klæbo. Deretter følgde Erik Valnes.

Alexandr Bolsjunov vart nummer tre.

I tillegg til Golberg, Høsflot Klæbo og Valnes stilte Norge med Eirik  Brandsdal, Pål Trøan Aune, Sindre Bjørnestad Skar, Sondre Turvoll Fossli og Mattis Stenshagen.