Ørnedrama i Kvinnegardslia: Silver er litt prega av hendinga, men dyrlegen seier det vil gå bra.

Ørna prøvde å stikke av med «Silver»

Kattepusar har ni liv, heiter det. Laurdag brukte Silver i Kvinnegardslia i Ål eitt av dei.

Det er matmor Solveig Holthe som på kvelden sundag sender Hallingdølen eit tips der ho fortel om den dramatiske hendinga.

– Laurdag formiddag stod eg på trappa mens gardspusen var ute ca. 25 meter frå meg. Plutseleg kom ei stor ørn og slo klørne i han, skriv ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ropte og skreik

Men ørna måtte snart endre middagsplanane for dagen. For Holthe nøla ikkje då ho oppfatta faren i det som skjedde. Gardskatten Silver var i livsfare. Ho sprang bort og skreik alt ho kunne mot rovfuglen.

– Han heldt katten under seg. Eg torde ikkje gå nærare enn rundt to meter, fortel ho.

Det var heilt tydeleg at skrikinga hjelpte. Ho fekk forstyrra ørna i jakta.

– Fuglen snudde og såg på meg. Heldigvis slapp han katten før den forsvann mot luftegarden til tre dølahestar.

Dermed var den akutte faren forbi.

– Katten fekk eg tak i. Han hadde sår etter klørne, seier Holthe. Seinare på dagen i dag fekk ho Silver til veterinær.

Ikkje uvanleg

Det er ikkje reint sjeldan at kongeørna let seg friste av kattar som spankulerer rundt på gardstun rundt om i landet. Eit raskt søk på nettet avslører åtte-ti medieoppslag om liknande hendingar. Det er ikkje alltid at det går så bra for offeret som det ser ut til å gjera for Silver sin del. Mange gonger har ørna fått byttet sitt, som oftast til stor fortviling for dei som mistar kjæledyret og musefangaren sin.

Går nok bra

Heldigvis er tilbakemeldinga etter undersøkinga hjå dyrlegen relativt oppløftande.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Han er ikkje verre skadd enn at det mest truleg er vil gå bra, fortel Solveig Holthe. Ho kallar det heile ei fæl oppleving. Og ho er spent på korleis Silver vil takle dramaet, for han er omplassert.

- Han har berre budd her i to år, og kjem frå «Katter i Gol». Han er ikkje heilt trygg på folk enno, fortel ho.