Frå venstre ansvarleg redaktør Embrik Luksengard og utgåveansvarleg Olav Johannes Bøthun i Hallingdølen.
Frå venstre ansvarleg redaktør Embrik Luksengard og utgåveansvarleg Olav Johannes Bøthun i Hallingdølen.

Opplagsveksten held fram for Hallingdølen

Første halvår i 2019 har vore godt for Hallingdølen.

Onsdag morgon la Mediebedriftenes Landsforening (MBL) fram oppdaterte opplagstal for landets aviser for første halvår.

For Hallingdølen viser tala stabil auke.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Gledeleg

Hallingdølen har no eit opplag på 9078.

Det er ein oppgang på 65 i løpet av årets seks første månader. Og ser ein dei siste 12 månadene under eitt, blir tala endå betre. Frå 1. juli 2018 til 1. juli 2019 har opplaget til Hallingdølen auka med 341.

– Gledeleg at veksten held fram. Me arbeider hardt for å halde fram i same retning, seier ansvarleg redaktør Embrik Luksengard.

Drammens Tidende er Buskeruds største avis med eit opplag på 27.263. Det er ein framgang på 109. Blant dei andre avisene i fylket er det både framgang og tilbakegang. I det nye Viken fylke er det Romerikes Blad som er størst med 29.420 abonnentar.

Stabile opplag

Tala frå Landslaget for lokalaviser (LLA) viser at lokalavisene står sterkt.

Nettoopplaget til dei 110 lokalavisene er på drygt 351.000. Rett nok er det ein tilbakegang på 0,3 prosent samanlikna med siste halvår i fjor, men mange aviser har fin framgang. Generalsekretær i LLA, Rune Hetland, er glad for at avisenes opplag er stabilt.

– I ei tid med falske nyheiter og polarisert samfunnsdebatt, er det viktig med lokale, redaktørstyrte aviser, seier Hetland.

Norges største avis målt etter opplagstal er Aftenposten med 252.000. VG (inkludert VG+) følger med 250.000 med Dagbladet (inkludert Dagbladet Pluss) på 91.000. Landets største regionavis er Bergens Tidende med 83.000.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bygdeposten 6511 +32

Drammens Tidende 27 263 +109

Eikerbladet 2802 -113

Hallingdølen 9078 +65

Laagendalsposten 8910 +42

Lierposten 3667 -8

Ringerikes Blad 10 998 -31

Røyken og Hurums Avis 5111 +129