Redaksjonen i Hallingdølen kan juble for god vekst i første halvdel av 2020. Bak frå venstre: Mona N. Stensvold, Vilde Jagland, Knut Kvissel, Elias Dahlen og Olav Johannes Bøthun. I midten frå venstre: Magnus Lindahl, Tone Merete Tho, Tor Folgerø, Lillian Holden og Torbjørn Gunhildgard. Første rekke: Anna Huseby og Embrik Luksengard. Arne Ole Lindahl og Ina Eirin Eliassen mangla då biletet vart teke.

Opplagstala stig i Hallingdølen

Hallingdølen har auka opplaget siste halvåret. Ikkje sidan 2013 har det vore så høgt som no.

Mediebedriftenes Landsforening (MBL) presenterte onsdag morgon opplagstala for første halvår i 2020. For Hallingdølen er det grunn til å juble. Opplaget auka med 197 aviser, frå 9204 til 9401.

På stigande

– Veldig hyggelege tal, seier redaktør Lillian Holden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tala stadfestar trenden som avisa har vore inne i snart to år. Etter fleire år med nedgang frå 2010 til 2017, vart trenden snudd i 2018. Papiravisa held stand. Og digitalt har det aldri vore så mange lesarar som no.

* I september 2019 var snittet på unike brukarar 7069. I september 2020 er snittet 10.746.

* I september i fjor var snittet på sidevisningar 32.474. I september 2020 er snittet 50.355.

– Det er knallsterke tal. Det er gledeleg at fleire og fleire har oppdaga oss digitalt, seier Holden.

Les også
Opplagsveksten held fram for Hallingdølen

I vekst

Tal frå Landslaget for lokalaviser (LLA) viser at dei 110 medlemsavisene samla har same opplagstal som sist halvår. Men mange har også sterk vekst. Det same gjeld riksavisene. Mykje av «æra» for det, får koronapandemien. Då viruset lamma heile verda i mars og april, auka lesartala i alle landets aviser. Utover sommaren og i haust har trenden halde fram.

Nummer ti

Hallingdølen er nummer ti på lista i Viken. Romerikes Blad er størst med 31.260. Drammens Tidende følger på andreplass med 28.115 (+508). Andre utvalde aviser:

* Ringerikes Blad: 11.271 (+62)

* Laagendalsposten: 9069 (+89)

Artikkelen held fram under annonsen.

* Bygdeposten: 6877 (+168)

* Valdres: 8815 (+52)