Nore og Uvdal kommune innførte kokevarsel på Rødberg torsdag då rutineprøvar avdekte ureina drikkevatn. (Illustrasjonsfoto)

Opphevar kokevarsel for dei fleste

Prøvene frå vatnet på Rødberg er fine, men synte ureining på nettet nær sjukeheim og omsorgsbustader.

Dermed opphevar Nore og Uvdal kommune kokevarselet for Rødberg fredag føremiddag utanom for Bergtun omsorgssenter og omsorgsbustadene som ligg i tilknyting.

– No har me meir kontroll og veit kvar me skal leite etter feilen, seier Kristoffer Grette, verksomheitsleiar for eigedom i kommunen til Hallingdølen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gjekk breitt ut

Torsdag føremiddag hadde kommunen gjennom rutineprøver avdekka ei lita mengde tarmbakteriar i drikkevatnet dei var uroa for. Dette gjeld eit lite område på Rødberg, mellom anna Bergtun omsorgssenter. Mens dei jobba med å finne årsaka, gjekk dei ut med kokevarsel til innbyggarane på Rødberg.

– Det er ikkje snakk om store mengder og me har ikkje noko som tyder for at folk har vorte sjuke. Me vil likevel at folk kokar vatnet for å vera på den sikre sida, seier Målfrid Toeneiet, fungerande kommunalsjef for næring, miljø og kommunalteknikk torsdag.

Sikre sida

Fredag morgon var det sett i verk kloring av vatnet for å vera på den sikre sida.

– Me trur det er snakk om ein røyrleidning, og at det dermed ikkje gjeld heile Rødberg. For å bli heilt sikre har me teke ekstra prøver, forklarar Grette, før svara kom fredag føremiddag.

Les også
Ventar på millionkompensasjon
Les også
Frå skulesjef til oppvekstsjef lenger opp i dalen
Les også
— Berre eit vulkanutbrot som manglar
Les også
Markert nedgang i arbeidsløysa
Les også
Grip moglegheitene under korona
Les også
Godt i gang med den «fæle» lista