To personar vart skadd då ein bil køyrde av vegen på Rv7 ved Liodden i Nes tysdag.
To personar vart skadd då ein bil køyrde av vegen på Rv7 ved Liodden i Nes tysdag.

Omkom på Rv7

Ein person omkom i ei utforkøyring på Rv7 ved Liodden i Nes.

Det var to personar i bilen. Den andre vart køyrt til sjukehus. Det er uvisst om han er alvorleg skadd.

Nødetatane og luftambulanse rykka ut til ulykka litt over klokka 17.00 tysdag ettermiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ulykkesbilen var på veg oppover Hallingdal. Utforkøyringa skjedde i ein slak venstresving nokre hundre meter før Liodden bru. Bilen trefte eit skilt og eit tre. Årsaka til ulykka er førebels ukjend.

Ulykka førte til at Rv7 vart stengd for trafikk i lengre tid, og det danna seg lange køer på begge sider av ulykkesstaden.