Koronatesting Ål: Koronatesting i Ål 10. november 2020. Den andre smittebølga.

Nytt tilfelle av koronasmitte: - Personen er sett i isolasjon

Smittvernlege Marianne Lerberg opplyser at Ål kommune har sett i gang smittesporing.

– Vedkomande smitta person er sett i isolasjon, opplyser Lerberg.

Ho seier at det dreiar seg om ein litt usikker smitteveg per no, men at vedkomande har få nærkontaktar og at ingen rundt er i karantene.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ingen dramatikk i dette, seier Lerberg.

– Kva inneber uklar smitteveg?

– Me stiller spørsmål ved når vedkomande kan ha blitt smitta. Pasienten har hatt kontakt med eit kjent smittetilfelle for eit par veker sidan. Vedkomande testa då negativt på koronavirus. Når det no er positivt, spør me oss om det er snakk om eit slags restsymptom i dette tilfellet.

Les også
– Her blir korona tatt meir på alvor, det merkar me overalt
Les også
– Det er mange som har det verre enn meg
Les også
Ber 106 koronasmitta hallingar om å kome til sjekk
Les også
– Eg har vore uheldig