annonse

Nytt tap for HFK

Best:
På bortebane: Fredagens kamp mot IBK enda med tap for HFK. (Foto: Mona N. Stensvold)

Bortekampen mot IBK fredag kveld enda med skuffelse. HFK gjekk på sitt fjerde tap på rad.

Caroline Utti

Fredag kveld møtte HFK Birkebeineren (IBK) på bortebane. Heimelaget stod med tre poeng på sju kampar så langt denne sesongen, medan HFK låg på sjuandeplass på tabellen med ni poeng på like mange kampar. Såleis burde fredagens kamp bydd på gode moglegheiter for poeng til HFK.

Fyrsteomgang starta med fleire gode sjansar til HFK, men utan at det gav utteljing. Til pause stod stillinga 2-0 til heimelaget. HFK viste gode takter også i andre omgang, og pressa på for å utlikne. Men trass det – og fleire cornarar – måtte hallingane til slutt sjå seg slått. Kampen enda 2-0 til IBK.

annonse