Det blir dagleg testa om folk har koronavirus. Biletet er frå testing utanfor legevakta i Ål.

Nytt smittetilfelle bekrefta etter påskebesøk

Onsdag skreiv Hallingdølen om ein person i Hemsedal som fekk koronaviruset etter å ha hatt påskebesøk. No er endå ein person smitta.

– Det var venta, seier kommuneoverlege Camilla Underland.

Tilfellet frå onsdag sende ti personar i karantene. At nok ein person no er smitta, får ingen vidare konsekvensar. Personen var alt i karantene sjølv.

Artikkelen held fram under annonsen.

Smittetilfellet frå onsdag er det einaste kjente i Hemsedal etter påska. Underland sa følgjande om hendinga for to dagar sidan:

– Det er ein fastbuande, med kjent smitteveg ut av dalen. Vedkommande har hatt besøk av nokon som vart sjuke mens dei var her i helga.

Personen som vart sjuk i helga reiste heim til eigen kommune, heilt etter regelboka. Men i etterkant har fleire blitt sjuke. To av dei bur altså i Hemsedal.

– Det har vore fleire sosiale samlingar, men med mange av dei same personane. Omfanget er derfor ikkje så stort, i alt er 10 personar sett i karantene og 15 er i ventekarantene, seier Underland.

Les også
Trur på mildare tiltak i Hallingdal frå neste veke