5.

Nyheitsquiz

Kva hugsar du frå veka som har gått?

1. Kva «lag» fekk nyleg 1,1 millionar kroner til å koma seg gjennom koronavinteren?

2. Kva fabrikk har Flå og 100 andre norske kommunar meldt seg på i kampen for å få huse?

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Kven er Stein Ove Helberg (45)?

4. Nore og Uvdal har mange ledige jobbar å lokke med, men bygda har ei stor utfordring. Kva tenkjer me på?

5. Kva landslag låg i trening på Golsfjellet sist veke?

6. Kva uventa skapning dukka opp i Rukkedalen sist helg - og måtte bøte med livet?

7. Kva gladmelding kunne rektor Nils Røkkum kome med frå Flå skole?

8. Kven sa: «Det er brot på brot på brot, og heilt jævlig»?

9. 96-åringane Sissel Morken og Knut H. Skrindo møttest i koronavaksinekøen, men det er ikkje det einaste dei har til felles. Kva tenkjer me på?

10. Kva heiter musikkgruppa der Eilif Gundersen frå Ål er med?

Artikkelen held fram under annonsen.

Her er svara

1. Hemsedal Turisttrafikklag, HTTL.

2. Fabrikken som, i regi av Panasonic, Equinor og Hydro, skal produsere ein batteritype som blir brukt i elbilar.

3. Kraftverkssjef for Hafslund Eco i Hallingdal og Valdres.

4. Dei manglar bustader, og ber folk melde seg om dei har noko å leige ut.

5. Det norske rolandslaget, med Olav Tufte i spissen.

6. Eit villsvin.

7. Ei elevundersøking syner at ingen på skulen blir mobba.

8. Tidlegare skiskyttarpresident Tore Bøygard frå Ål om skandaleavsløringane rundt tidlegare IBU-president Anders Besseberg.

9. Dei to 96-åringane, fødde i Nordbygdene i Ål, er døypt i same vatnet i 1924, konfirmert same dag (14. april 1940) og har no fått vaksine frå same hetteglas.

10. Wardruna.

Det har blitt sett kulderekord på kulderekord så langt i år. Ikkje sidan 2010 har januar månad vore like kald. Og Dagali sette fredag årsrekord så langt med -34. Enkle forhold for kunstsnø i Skagahøgdi skisenter i Gol (biletet) er det også.