Kvifor får ikkje Hilde Karlsen (biletet) bygge hus på tomta ho har kjøpt på Ustaoset?

Nyheitsquiz: Test deg sjølv

Kva hugsar du frå nyheitsbiletet den siste veka?

1. Kor mange millionar kroner brukte helse- og omsorgssektoren på vikarar i fjor?

2. Kvifor får ikkje Hilde Karlsen (biletet) bygge hus på tomta ho har kjøpt på Ustaoset?

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Kva verv har Anita Eidsberget og Anna Fosse?

4. Kva er problemet med det nyrestaurerte taket på kyrkja i Nesbyen?

5. Kva celeber gjest dukka, for mange, overraskande opp på scena i Flå 17. mai?

6. Piotr Wach har akkurat opna to nye butikkar på Geilo og Gol for reparasjon og sal av t.d. mobiltelefonar. Kvifor hamna polakken i Hallingdal?

7. Sykkelmann Jostein Levorsen i Nesbyen: «Eg må vente 622 dagar på …» Kva eller kven?

8. Kor mykje har ordførar Pål Rørby i Hemsedal rekna ut at han må spare opp i eigenkapital før han kan bygge seg hus?

9. Kvifor enda Hemsedal-ferien i tårar for familien Borge frå Fredrikstad?

10. Kven spelar på Håkonbudagen i Nes nordmark i august?

Artikkelen held fram under annonsen.

Her er svara

1. Ti millionar kroner, noko som er ei dobling frå 2018.

2. Krysset Ustevegen/Rv7 er ikkje godkjent av Statens vegvesen. No tek ordføraren initiativ for å få til ei løysing med vegvesenet.

3. Dei er russepresidentar i Gol og Ål.

4. Fleire skifersteinar har falle ned frå taket.

5. Skodespelar og musikar Odin Waage, mest kjent frå tv-serien «Rådebank» på Nrk.

6. Han kom til Hemsedal som sesongarbeidar.

7. Ny bremsekloss

8. Om lag 1,2 millionar kroner.

9. Dei vart fråstole syklar og utstyr for 150.000 kroner.

10. Jonas Fjeld.

Les også
Her har Pål Rørby leigd i 17 år
Les også
— Sjeleglade for at ikkje brannen skjedde om natta
Les også
Skuffa over vedtaket, men glad for at kommunen vil finne lokale til E-sport-gruppa