1: Martha Maria Espeseth og Karen Onshuus.

Nyheitsquiz

Kva hugsar du frå veka som har gått? Test deg sjølv!

1. Kvifor måtte Marta Maria Espeseth slutte som offiser i Frelsesarmeen?

2. Kven sa, og om kva?: «Eg tør ikkje tenkje på kor mange tonn som står og rotnar.»

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Kva jobb har Ola Opheim frå Ål?

4. Kor lenge har Jan Erik Ruud feriert på campingen i Uvdal?

5. Kven sa?: «Eg synest ikkje det er stygt, men det er nokre område som ikkje er fine.»

6. Kva var den varmaste temperaturen som vart målt i Hallingdal i juli?

7. ... og den kaldaste?

8. Kva koronavarsku blir varsla av kommunelegen i Hemsedal?

9. Kva bragd har svaksynte Donna Bakkerud frå Nesbyen nyleg gjennomført?

10. Kvifor risikerer Tomas Ekeli Hansen å måtte rive 60-tals-bensinstasjonen han har sett opp i austmarka i Nesbyen?

Artikkelen held fram under annonsen.

Her er svara

1. Ho skal gå inn i eit likekjønna ekteskap med Karen Onshuus.

2. Petter Braaten i Statens naturoppsyn som kommenterer molteåret.

3. Prosjektleiar i Ål IL, styreleiar i Ål utvikling og driv selskapet Svall as.

4. 60 år.

5. Ordførar Solveig Vestenfor i Ål som kommenterer reportasjen om korleis det ser ut i Sundre sentrum.

6. +34,6 grader i Nesbyen 6. juli.

7. -2,6 grader i Dagali 23. juli.

8. For få testar seg for koronaviruset. Mange trur dei ikkje kan få korona fordi dei er vaksinert, noko som har synt seg å ikkje alltid stemme.

9. Ho har gått pilegrimsvandring frå Stiklestad til Nidarosdomen, (saman med ti andre synshemma).

10. Stasjonen er bygd utan søknad, og Nesbyen kommune har avslått dispensasjonssøknaden som vart levert i ettertid.

Les også
Sverre tek over roret
Les også
Hærverk på bautaen
Les også
Her er den nye kulturskulerektoren