Under arrangementet «Lys i mørket» kunne publikum i Gol studere denne installasjonen i skogane utanfor Gol skule. Foto: Preben Ørpetveit Solberg

Nyheitsquiz

Kva hugsar du frå veka som har gått?

1. Kor mykje kostar det å søke om å få flytte til Nesbyen kommune for å bu på hytta? 18.000-, 5210- eller 16.600 kroner?

2. Hyttepalasset Skarvegløtt i Hol vart nyleg seld. Kva vart prisen?

3. Ho held til på Geilo og driv med terapi. Ho trappar ikkje ned, men opp. Namnet?

4. Kva er «Bua»?

5. Kva er det siste skotet på stammen av lag under paraplyen til Hallingdal Fotballklubb?

6. Kva er favorittmotivet til fotograf Terje Bjørnsen som no har utstilling i Geilo kulturkyrkje?

7. Kva slags produkt langs landevegen er det Tormod Rype har brukt lang tid på å utvikle?

8. Kva idrett driv Uqalek Astri Slettemark og kva nasjon går ho for?

9. Kva skjedde med katten til Liv Lilleslåtten i Rukkedalen?

10. Foto: Preben Ørpetveit Solberg

10. Kva slags trøbbel fekk Silje Bergan Havikhagen og Aksel Hagen med huset dei kjøpte seg i Nesbyen?

Artikkelen held fram under annonsen.

Svar

1. 16.600 kroner. Dei to andre tala gjeld for høvesvis Gol og Ål. 2. 39 millionar. 3. Ingrid Heiberg Ottesen 4. Eit offentleg organisert tilbod, der folk kan låne ulike typar sportsutstyr. 5. Eit såkalla gatelag. 6. Hallingskarvet. 7. Miljøvenlege brøytestikker 8. Skiskyting/Grønland. 9. Ho vart drepen av ei kongeørn. 10. Rett og slett gjenferd.