Hallingdal Renovasjon skal investere for over 200 millionar kroner dei neste fire åra. Frå 2022 skal blant anna eit nytt innandørs sorteringsanlegg stå klart i Kleivi, på grensa mellom Hol og Ål. I vinter har dagleg leiar Eirik Lystrup i Hallingdal Renovasjon informert alle kommunestyra i dei sju eigarkommunane om planane.

Nyheitsquiz

Kva hugsar du frå veka som har gått?

1. Kva gjer Kikut Eiendom i Hol med koronastøtta på 1,1 millionar kroner?

2. Kven er dagleg leiar i Kikut Eiendom?

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Kva nytt filmprosjekt får manusforfattar Karsten Fullu frå Nore og Uvdal mykje merksemd for?

4. Kva planar har Guriset Høyfjellshotell nyleg gått ut med?

5. Elevbedrifta Digifridge i Hol vann nyleg to prisar i oppfinnarkonkurransen Innovation Cup for Viken. Kva er forretningsideen deira?

6. Kva verdssensasjon vart oppdaga i Nesbyen 20. juli 1990?

7. Kva kommune i Hallingdal og Nore og Uvdal hadde størst auke i folketalet i 2020?

8. Og kvar var nedgangen størst?

9. To kommunar i Hallingdal har hatt auke i folketalet dei siste fire åra, kven?

10. Kven fekk skigjester i Nesfjellet Alpin til å sperre om auga tysdag?

Artikkelen held fram under annonsen.

Her er svara

1. Dei betaler tilbake krisestøtta fordi 2020 likevel vart eit godt, økonomisk år. Og 2021 teiknar endå betre.

2. Arne Pålgardhaugen.

3. Ein ny, og norsk, versjon av klassikaren «Tre nøtter til Askepott».

4. Dei gjer om høgfjellshotellet til leilegheiter.

5. Dei foreslår ein matapp til telefonen som kan vera med på å redusere matsløsinga, og som kan kommunisere med daglegvarebransjen.

6. Gardnos meteorittkrater vart «oppdaga». Geologen Johan Naterstad løyste mysteriet etter at han og kollega Johannes Dons hadde fatta interessere for ein spesiell bergart som er funnen her. Meteoritten meiner ekspertane at fall ned for 546 millionar år sidan.

7. Hemsedal +2,41 prosent til 2546 innbyggjarar.

8. Nore og Uvdal -1,11 prosent til 2412 innbyggjarar.

9. Gol og Hemsedal.

10. Kronprinsfamilien køyrde på ski i alpinsenteret.

2.