Nyheitsquiz
Kva hugsar du frå den siste veka?
1. Kven er prosjektleiar for Toppidrett i Hallingdal, eit pilotprosjekt ved Ål vidaregåande skole?
2. Kor mykje tek Nesbyen i gebyr for å behandle ein dispensasjonssøknad frå hytte til heilårsbustad?
3. Kva bedrift styrer Hans Petter Nässelqvist?
4. Kva artistar frå Hallingdal er nominert til Spellemannprisen?
5. Kva heldt på å ta livet av katten Silver i Ål sist helg?
6. Kvifor kunne ein gjeng småbarnsforeldre i Nesbyen juble denne veka?
7. Kva kan du få i kommunal støtte om du etablerer ladepunkt for elbil i Ål?
8. Kven lanserte plata «Eld» sist helg?
9. Kor mange gauper er felt i Hallingdal under årets kvotejakt?
10. Trysilguidene tek over ein attraksjon i Hallingdal. Kven?
Artikkelen held fram under annonsen.
Her er svara
1. Maren Haugli, tidlegare toppløpar på skøyter.
2. 16.600 kroner.
3. Geilo Tomteservice, som nyleg vart kåra til Årets lærebedrift i Norge.
4. Stein Torleif Bjella (vise) og Darling West (country).
5. Ei ørn prøvde å ta han.
6. Elvefaret barnehage, som var bestemt nedlagt, får halde på i eitt år til.
7. Inntil 25.000 kroner.
8. Tove Bøygard frå Ål.
9. Fem gauper er felt i Hallingdal. Sidan det er felt tre hogauper i regionen er jakta no avslutta.
10. Høyt & Lavt Klatrepark Hemsedal.