Det har vore mykje testing i Gol denne veka. Her eit bilete frå måndag, der ei lang rekke menneske var innom teststasjonen.

Nye, strenge koronatiltak i Gol: Anbefaler munnbind og lite reising

I eit forsøk på å slå ned koronaviruset strammar Gol til. Blant anna ber dei folk om å halde seg i kommunen, og bruke munnbind om det ikkje er mogleg å halde ein meter avstand til andre menneske.

Gol kommune er rett og slett farga blodraud på koronakartet. Smittetalet veks og veks, og klokka 16.00 fredag var det registrert 23 smitta i kommunen. Skulen vart fredag stengt, og alle elevane sett i karantene. Årsaka er at personar knytt opp mot skulesystemet har testa positivt for koronaviruset.

Som følgje av dette vart svært mange personar testa i Gol fredag, både skuleelevar, tilsette og andre. Det neste døgnet vil bli nervepirrande for kriseleiinga i kommunen; prøvesvara som kjem att laurdag vil gi mange og viktige svar på korleis smittesituasjonen i Gol er no.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Gol skule vil ikkje uttale seg om situasjonen

Uansett vil det ta tid å slå ned koronaviruset i kommunen, og kriseleiinga kom fredag med ni tiltak som dei ber alle innbyggarane å følgje:

* Vedtaket om stenging for besøk ved Helsetunet blir vidareført. Det er også bestemt å stenge tilgang til fellesareal i omsorgsbustader, og folk blir på det sterkaste oppmoda om å ikkje besøke desse bustadene. Arbeidssenteret og dagsenteret blir stengt.

* Det blir anbefalt bruk av munnbind i det offentlege rom, der ein ikkje kan halde ein meter avstand.

* Innbyggarane blir bedt om å avgrense aktivitet for ein periode. Det betyr også heilt normale, daglege aktivitetar. Mellom anna blir det oppmoda til at berre ein person frå kvar husstand reiser i butikken.

* Avgrense sosiale og private treff til eit minimum. Det handlar om å avgrense talet på nærkontaktar. Maks ti personar kan treffe kvarandre privat, dette gjeld både utandørs og innandørs.

* Fritidsaktivitetar og arrangement for barn og unge blir sett på vent.

* Svømmehallar og idrettshallar held stengt.

* Tilsette i kommunen skal avgrense fysiske møte til eit minimum, og alle møte skal gå føre seg digitalt.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Kommunehuset er stengt for publikum.

* Serveringsstader og utelivsbransjen der det er alkoholservering skal ikkje sleppe folk inn etter klokka 23.

Vil avgrense reiser

I tillegg til dette blir golingane rett og slett oppmoda til å halde seg heime så langt det er mogleg.

– Me ber folk om å la vere å reise til Oslo og andre stader om det ikkje er strengt nødvendig. Folk bør reise minst mogleg no for å unngå å ta med seg smitte hit att, seier ordførar Herbrand Jegleim.

– Det gjeld også reising internt i Hallingdal. Me ser no at smitta spreier seg frå kommune til kommune. Nesbyen og Ål har også fått fleire tilfelle i det siste. Om ein vurderer å reise på besøk til kjente som bur i nabokommunar, bør ein tenke seg om to gonger. Det handlar om å ikkje spreie smitte. Reis minst mogleg ut frå kommunen.

– Kva ligg i oppmodinga om bruk av munnbind?

– No er det ikkje så mange hos oss som brukar jernbane og buss i det daglege, men det handlar om det offentlege rom. Der det ikkje er mogleg å halde den viktige meteren, forklarer Jegleim.

– Betyr det at de ønskar at folk skal bruke munnbind om dei skal på butikken?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei, eg trur butikkane handterer dette bra. Dei har jo blant anna streka opp kor folk kan stå for å holde ein meter avstand.

Kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam er heilt tydeleg på at det er viktig at folk følgjer dei råda som no blir gitt.

– No må me stå saman, og overvinne dette utbrotet. Då er det viktig at me alle handlar likt. Om nokon ikkje følgjer desse råda, kan det føre til at me mistar oversikta, seier han.

Trur folk ser alvoret

Kriseleiinga i Gol kommune beskriv framleis situasjonen som krevjande og lite oversiktleg. Smittesporingsgruppa jobbar på spreng med å kartlegge nærkontaktar til bekrefta smitta, og kontakte desse.

– Ser folk alvoret i denne situasjonen?

– Eg har inntrykk av det, seier ordførar Jegleim.

– Særleg no det siste døgnet. Eg trur endå fleire tek dette på alvor no. Så håpar me at dei aller fleste aksepterer dei anbefalingane som er gitt, og eg oppmodar alle på det sterkaste å følgje dei.

Les også
Stenger Gol skule i dag - alle elevar er i karantene
Les også
Smittetalet fortset å vekse i Gol: — Trass alt ved godt mot
Les også
Tre nye smitta i Ål - stenger ned barnehage