Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap), finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp), statsminister Jonas Gahr Støre og kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) under pressekonferansen om koronasituasjonen.

Nye reglar for karantene og skjenkestopp klokka 23: Her er dei nye tiltaka

Regjeringa har bestemt kva for nye tiltak me skal leve med dei kommande vekene. Fleire av dei strenge restriksjonane blir lempa på.

I fire veker har det vore strenge restriksjonar i Norge, men torsdag kveld klokka 19 presenterte statsminister Jonas Gahr Støre nye og justerte tiltak som skal gjelde dei neste vekene.

Særleg er det skjenkestoppen som har vore diskutert den siste veka. No skal det ikkje lenger vere full stopp, men det blir framleis restriksjonar på kor lenge det er lov å skjenke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det blir også heilt nye reglar for karantene, med meir høve til å teste seg i staden for å gå i karantene. Det er eit tiltak som skal hjelpe til å halde samfunnet i gang, og sikre at ikkje altfor mykje folk blir borte frå jobb samtidig.

Les om dei nye karantenereglane her.

Det blir også lette i tiltaka retta mot barn og unge.

– Tiltaka me vedtok for fire veker sidan har verka. Trykket mot helsevesenet er no på eit akseptabelt nivå. Men me må framleis ha tiltak med redusert kontakt, sa statsministeren då han innleia pressekonferansen.

Her er dei nye tiltaka som vart presentert torsdag kveld:

* Skjenkestopp frå klokka 23. Skjenking skal skje ved bord, endringane skjer frå fredag.

* Karantenereglane blir endra. No skal testing i langt større grad erstatte det å sitje i karantene.

Barnehage, skule og SFO:

Artikkelen held fram under annonsen.

* Gult nivå i barnehage, skule og SFO går frå gult til grønt nivå.

* Vidaregåande skule går også ned i nivå, frå raudt til grønt.

* Jamleg testing skal brukast i område med høgt smittetrykk.

* For høgare utdanning blir høgskular, universitet og fagskular anbefalt å legge til rette for meir fysisk undervisning.

Idretts- og fritidsaktivitetar:

* Fritidsaktivitetar bør bli gjennomført utandørs så langt det er mogleg.

For barn og unge under 20 år gjeld dette:

* Utandørs aktivitet kan gjennomførast som normalt.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Anbefalt gruppestorleik innandørs omtrent 20 personar eller etter klasse/kohort.

* Aktivitet innandørs kan gjennomførast med kontakt der det er nødvendig.

For vaksne over 20 år:

* Innandørs er det maks 20 personar og ein meters avstand. Ved intensiv trening bør det vere to meter avstand.

* Vaksne kan utøve aktivitet utandørs som normalt, med kontakt der det er nødvendig.

* Toppidrett kan gjennomførast som normalt.

Avstand og sosial kontakt:

* Framleis regel om å halde ein meter avstand. Dette gjeld ikkje for barn i barnehage og på barneskule, eller dei vaksne som jobbar med barn.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Alle bør tenke gjennom kor mange nærkontaktar ein har.

* Du bør ikkje ha fleire enn ti gjestar heime utover eigen husstand.

Munnbind:

* Framleis påbod om munnbind på offentlege stader der det ikkje er mogleg å halde ein meter avstand.

Arbeidsliv:

* Framleis påbod om heimekontor der det er mogleg.

Arrangement:

* Private arrangement/samlingar på offentleg stad, i leigde lokale: Maks 30 personar innandørs, og 50 ved minnestund. Utandørs maks 50 personar.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Offentlege arrangement innandørs: Utan faste plassar; maks 30 personar. Med faste plassar; maks 200.

* Ingen anbefaling om å utsetje eller avlyse arrangement innandørs knytt til organiserte fritidsaktivitetar som samlar barn og unge under 20 år frå ulike plassar.

* For lagidrett er det berre anbefalt å ha enkeltvise kampar, ikkje turneringar eller cupar.

* Utandørs arrangement knytt til organisert kultur-, idrett og fritidsaktivitetar for barn og unge under 20 år skal skje utan avgrensing i talet på deltakarar.

Innreise:

* Alle reisande må i utgangspunktet registrere seg før dei kjem til Norge.

* Alle reisande må i utgangspunktet teste seg når dei kjem til Norge.

* Reisande som ikkje kan dokumentere med koronasertifikat at dei er fullvaksinert eller har gjennomgått korona det siste halvåret, må i tillegg teste seg før avreise til Norge.

Artikkelen held fram under annonsen.