Statens vegvesen har kome med nye rutinar for EU-kontrollen.
Statens vegvesen har kome med nye rutinar for EU-kontrollen.

Nye reglar for EU-kontroll – og truleg auka pris

Sist fredag vart det innført nye reglar for EU-kontroll. Vegvesenet understrekar den aukande fleksibiliteten for bileigarane, men kundane må rekne med noko høgare pris.

Bileigarar får ifølgjeStatens vegvesen større fleksibilitet ved at dei kan gjennomføre EU-kontrollen når det passar for dei. Før var det slik at siste siffer avgjorde når bilen skulle inn på kontroll. No kan du sjølv velje tidspunkt for kontrollen så lenge bilen blir godkjent før fristen.

– Vi kjem til å sende deg eit påminningsbrev om EU-kontrollen to månader før fristen går ut, seier avdelingsdirektør Henning Harsem.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje plutseleg ny frist

Den kontrollfristen ein har i dag, gjeld til neste EU-kontroll, og ordninga blir innfasa gradvis. Dermed er det ikkje slik at alle bilar plutseleg får ny frist i februar.

Kontrollintervalla blir verande dei same som i dag. Det vil seie at personbilar stort sett skal inn til første kontroll etter fire år og deretter annakvart år, mens køyretøy over 7.500 kilo skal inn kvart år.

Auka krav til kompetanse og godkjenning av kontrollørar vil gi verkstadene høgare utgifter, og dermed vil truleg prisen auke.

Truleg eit par hundrelappar

IfølgjeDinside.no har fleire bransjeaktørar tidlegare antyda at prisen kan doble seg, men det trur ikkje kommunikasjonsrådgivar Nils Sødal i NAF at vil skje.

– Det blir ein auke, men eg trur nok det ikkje blir på meir enn nokre få hundrelappar. Det viktigaste er likevel at kvaliteten på kontrollane blir betre, seier han til nettstaden.

Prisane varierer i dag mellom ulike aktørar, og til dømes har NAF sjølv fram til fredag teke 1.295 kroner for ikkje-medlemmer.