Det har blitt gjennomført mange testar i Nesbyen onsdag. Her eit bilete frå ein test i Flå tidlegare i haust.

Ny smitta i Nesbyen - veit ikkje kva kjelda er: – Bekymringsfullt

Onsdag fekk Nesbyen endå ein positiv koronaprøve. Men dei veit førebels ikkje kor vedkommande har fått smitta frå.

– Det er bekymringsverdig, seier kommuneoverlege Nils Høva til Hallingdølen onsdag kveld.

Også tysdag fekk kommunen eit bekrefta positivt tilfelle der dei ikkje kjenner smittekjelda. No har dei altså to dei må forske vidare på.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har hatt eit par slengarar no. Me må berre nøste opp i det så godt me kan. Me må ta utgangpunkt i når vedkommande vart sjuk, og så veit me at dei fleste brukar fem-seks dagar før dei utviklar symptom, seier Høva.

Les også
To nye smittetilfelle i Ål - rundt 50 er no i karantene

Det kan gjere smittesporingsjobben til ei aldri så lita etterforsking.

Det har blitt testa eit stort tal personar i Nesbyen i løpet av onsdag. Akkurat no har kommunen seks personar som sit i koronakarantene, men eit langt høgare tal sit i såkalla «testkarantene». Det betyr at dei må halde seg heime og i ro medan dei ventar på svaret på koronatest.

- Det vil bli eit visst påtrykk av testar i morgon også, seier Høva.

Les også
Fleire nye smitta i Gol i dag - er oppe i 20 koronasjuke

Nesbyen er no oppe i fem smittetilfelle den siste tida.

Talet på smitta i Hallingdal og Nore og Uvdal fortset å auke. I heile regionen er det no 39 koronasjuke. Dei fordeler seg slik:

Flå: 3

Nesbyen: 5

Artikkelen held fram under annonsen.

Gol: 20

Hemsedal: 3

Ål: 5

Hol: 2

Nore og Uvdal: 1

Les også
Nortura tek drastisk koronagrep: Stenger anlegget inntil vidare
Les også
Nye koronasjuke i Ål og Geilo — jobbar framleis med eit uavklart tilfelle