Illustrasjonsbilete.

Ny smitta i Hemsedal - ber folk hugse faren for «skjult smitte»

Hemsedal har fått eit smittetilfelle der kjelda ikkje er kjent. Kommuneoverlegen ber folk vere obs.

– Me veit at det er skjult smitte i befolkninga, det utgjer ein viss prosent på landsbasis. Dette er ei påminning om at det kan finnast kontaktsmitte, eller overflatesmitte. Alle må vere nøye med gode rutinar for reinhald og hygiene. Hugs å vaske hender. Både når du går inn ein plass, og ut att, seier kommuneoverlege Camilla Underland.

Jobba med å finne kjelda

Smittetilfellet som vart kjent tysdag gjeld ein fastbuande i Hemsedal. Vedkommande fekk symptom, testa seg og fekk positivt svar. Smittesporarane har jobba godt med å prøve finne ut kva som var kjelda til denne smitta.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har gått langt tilbake i tid for å prøve å finne årsaka. Det har me ikkje funne, seier Underland.

To personar er sett i karantene. For å vere på den sikre sida er det også gjennomført test av dei tilsette på arbeidsplassen til den smitta.

– Me har ikkje fått noko napp der, verken med tanke på risikoåtferd, symptom eller svar på hurtigtest, seier Underland.

– Situasjonen er oversiktleg. Det har vore rimeleg greitt å søke seg bakover i tid for å kartlegge kor vedkommande har vore og gjort. Det har ikkje vore noko spesielt å henge seg opp i. Me har snudd alle dei steinane me kan.

Følg med

Ho ber folk vere obs.

– Når me har smitte me ikkje har fått ramma inn, der me ikkje veit smittevegen, kan det vere smitte rundt oss me ikkje har avdekka.

Les også
Ein smitta i Nesbyen - sit isolert på hytta
Les også
Frykta smitte — stengde barnehage