Ny skuleklasse råka av koronasmitte: - Styrker mistanken om at det sirkulerer ukjent smitte

Heile 10. trinn ved Ål ungdomsskule vart sendt heim då det torsdag kom eit nytt positivt prøvesvar på koronaviruset.

Frå før har dei 9. klasse på heimeskule, etter at det dukka opp smitte på trinnet etter ein leirskule-tur sist veke.

Torsdag fekk kommunen nok eit positivt prøvesvar, denne gongen knytt til elevar som er eitt år eldre.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein klasse er førebels i karantene, dei to andre klassane på trinnet er sendt heim i såkalla ventekarantene. Det er i påvente av avklaring av nærkontaktar etter diverse samlingar i helga som var, fortel kommuneoverlege Toril Bøyum.

Alle elevar som går i 10. klasse i Ål vil bli testa torsdag ettermiddag. Ifølgje Bøyum er smittekjelda førebels ukjent.

– Dette styrkar mistanken om at det sirkulerer ukjent smitte. Me går derfor breitt ut med testing også denne gongen, seier ho.

Også Ål vidaregåande skule har blitt råka av koronasmitte. Tidlegare denne veka måtte dei sende ein skuleklasse heim etter at det hadde dukka opp eit positivt prøvesvar blant elevane. Eit par lærarar vart også sett i karantene.

Ål er no oppe i 12 koronasmitta på ei knapp veke. Fleire av desse er knytt til barn og unge som går på skule. Det same skjedde i Nesbyen denne veka, der over 50 personar vart testa tysdag og onsdag. Også her var mange av desse ungdommar.

Totalt er 24 personar i Hallingdal dei siste to vekene. Dei 24 smitta fordeler seg slik:

Gol: 8

Ål: 12

Artikkelen held fram under annonsen.

Hemsedal: 1

Hol: 2

Nesbyen: 1

Les også
Har testa 55 personar etter nytt smittetilfelle: – Veit ikkje smittevegen
Les også
Fem nye bekrefta smitta: Endå ein skuleklasse er råka