Ny rekord - no er Hallingdølen nest størst i Buskerud: – Ganske ellevilt!
I eit år der dei aller fleste aviser opplever nedgang, set Hallingdølen ny opplagsrekord og bryt den magiske 11.000-grensa.
Onsdag vart opplagstala til norske aviser publisert. Hallingdølen står att som ein av dei få opplagsvinnarane.
For eit halvt år sidan var opplagstalet til Hallingdølen 10.733, som då var rekord. I dag vart denne grundig slått då avisa kunne vise til 11.047 i oppslag, ein auke på 314.
Artikkelen held fram under annonsen.
Med dei ferske tala går no Hallingdølen forbi Ringerikes Blad, og blir den nest største avisa i Buskerud. Berre Drammens Tidende er større.
Redaktør i Hallingdølen, Lillian Holden er stolt over framgangen.
– Å ha over 11.000 abonnentar i eit dalføre med 20.000 innbyggjarar, er ganske ellevilt. Men me veit at cirka ein tredel av abonnentane våre bur utanbygds, veldig mange held til i Oslo, Bærum og Bergen. Desse såkalla hyttehallingane har blitt meir og meir viktige for oss.
Veksten skjer digitalt. 43 prosent av abonnentane til Hallingdølen er no heildigitale, men tala viser også at mange framleis vel å halde på papiravisa. Det går litt nedover, men fallet på papir er svært lite samanlikna med fleirtalet.
Avisopplag Buskerud
Avis | Opplag 01.07.2023 | Endring siste året |
Drammens Tidende | 25.850 | – 2411 |
Hallingdølen | 11.047 | +314 |
Ringerikes Blad | 10.864 | – 622 |
Laagendalsposten | 8822 | – 487 |
Bygdeposten | 6490 | – 393 |
Lierposten | 3313 | – 283 |
Eikerbladet | 2035 | – 293 |
Svelvikposten | 1789 | – 188 |
Holden fortel at noko av suksessen kjem av at Hallingdølen har utvida tilbodet.
– Abonnentane får eit knallsterkt digitalt tilbod, men også ei god og unik papiravis. I år har me i tillegg begynt med lyd, i form av podkast, som er nok eit supplement til det me kan tilby abonnentane våre. Det har blitt svært godt mottatt.
Verdien av lokalavis
Redaktøren synest det er gledeleg å sjå at lokalavisa framleis står sterkt.
– 11.000 i opplag er rett og slett eit heilt eventyrleg tal. Me er førebudde på at strammare privatøkonomi etter kvart vil gi utslag på abonnementstalet. Men dei nye tala syner at lesarane våre framleis ser stor verdi i lokalavisa. Det er utruleg gledeleg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Då ekstremvêret i Hallingdal stod på som verst i haust, fekk ein sjå kor viktig lokalavisa var for innbyggjarane for å få informasjon.
– Me hadde ei vanvitig lesing under ekstremvêret. Folk trong løpande informasjon og nyheitsformidling døgnet rundt, seier Holden.
Eit godt lag
Ho fortel at det er eit godt lag med dyktige journalistar i redaksjonen.
– Det er journalistane som skal ha æra for at me nok ein gong veks. Dei går den ekstra mila, er hardtarbeidande, dedikerte og stolte i alt dei gjer. Journalistane held eit skyhøgt nivå, som gjer at avisa kan levere god journalistikk på alle felt. Dette trur eg lesarane våre veit å setje pris på, både med kvalitet i innhald og presentasjon.
Andre aviser
Norske aviser hadde eit opplagsfall på 2,6 prosent i første halvår, samanlikna med same halvår i fjor.
Dei nasjonale avisene som tidlegare har stått for mykje av veksten, har no ein tilbakegang på 1,8 prosent, medan nisjeavisene samla går tilbake 5,1 prosent.
Det er berre hos dei minste lokalavisene og dei største lokal- og regionavisene at digitalveksten veg opp for tilbakegangen på papir.
Blant dei nasjonale avisene kan Dagbladet Pluss vise til vekst, med meir enn 6700 nye abonnentar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Avisene Dagen og Subjekt aukar mest blant nisjeavisene med høvesvis 1700 og 1000 nye abonnentar. Lokalavisene Stjørdalsnytt og Avisa Oslo kan vise til ein opplagsvekst på over 1000 sidan i fjor.
Dei ti største avisene i opplag. Kjelde: Mediebedriftenes Landsforening
Avis | Opplag 01.07.2023 | Endring frå året før |
VG (inkl. VG+) | 288.661 | – 10.014 |
Aftenposten | 253.697 | – 3800 |
Dagbladet (inkl. Dagbladet Pluss) | 108.565 | +4785 |
Dagens Næringsliv | 94.261 | +1588 |
Bergens Tidende | 89.499 | +873 |
Adresseavisen | 75.228 | – 440 |
Stavanger Aftenblad | 63.931 | +436 |
Fædrelandsvennen | 37.104 | – 62 |
Klassekampen | 33.626 | – 781 |
Morgenbladet | 32.420 | – 203 |