Evakueringa i Nesbyen starta ved 02.3-tida natt til onsdag 9. august. Det var heilt mørkt i gatene, straumen er borte i heile Nesbyen Sentrum.

Podkast: – Dette handlar om dei som har mista hus, dei som vore på dramatisk flukt til dei som sat med ansvaret for beredskapen

Hallingdølen slepper no podkasten «Då dalen drukna». Dette er historia om nokre av dei som kom tettast på naturkatastrofen «Hans», anten som offer, eller som hjelparar.

– Og så handlar det om klimaendringar, og korleis heile samfunnet må innstille seg på at dette kjem til å skje att, om ikkje på akkurat dei same plassane, men på ulike stader i landet, seier Elias Dahlen i Hallingdølen.

Slik såg det ut på Sundre då uveret herja.

På «Røynda»

«Då dalen drukna» kan du høyre på Hallingdølen sin eigen podkastkanal «Røynda», eller du finn han på alle andre plattformer der du kan laste ned podkastar elles.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er journalistane Elias Dahlen og Anna Huseby i Hallingdølen som har laga podkasten. «Då dalen drukna» er på tre episodar.

– Dei to første handlar om det første dramatiske døgnet av «Hans». Me går gjennom det som skjedde litt i framkant av det raude farevarselet frå Meteorologisk institutt og me fortel korleis kommunane gjer seg klare på det som skal koma, forklarer Dahlen og Huseby.

Mange fortel

Så går handlinga vidare, frå dei første skreda går og fram til Nesbyen vaknar onsdag morgon med ekstremt høg vasstand, og skadane kjem fram.

– Me har eit breitt kjeldemateriale, og mange personar som deltek. Dette handlar om dei som har mista hus, dei som vore på dramatisk flukt til dei som sat med ansvaret for beredskapen til dei som var med på det frivillige bergingsarbeidet, fortel journalistane.

Den tredje episode er meir om det som har skjedd etterpå, og notida.

– Klimaforskarar og meteorologar gir deg eit bilete på korleis klimaendringane gir auka fare for flaum og jordras. Me tøtsjar også innom bygge- og deleforbodet i Nesbyen, seier Elias Dahlen.

Elias Dahlen og Anna Huseby har også laga podkasten «Trippeldrapet på Geilo». I mai vart dei premiert med heiderleg omtale i klassen Årets lokale podkast under utdelinga av Årets Mediepriser i Bergen.

Der det råka verst

Hovudfokus på handlinga er lagt til Ål og Nesbyen. Alle dei som deltek i podkasten har vore tett på hendingane der.

– Men me summerer også opp det som skjedde i Hol, Gol og Hemsedal, seier dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kom de tett på kjeldene?

– Ja, folk fortel om korleis dei har det i dag og korleis dei opplevde det den gongen. Det sterkaste me kan bringe vidare, er kjeldene si eiga forteljing om det som skjedde.

– Var det slik at alle stilte opp, eller var det nokon som sa nei?

– Nokon valde ikkje å stille opp. Då måtte me berre summere opp historia deira, basert på kjende opplysningar frå media. Det at folk ikkje ville delta, det må ein berre akseptere.

Tore Blyverket bur i verkstaden. Han var av dei fyrste som måtte evakuerast under ekstremvêret Hans.

Lesarane vil kjenne att mange i podkasten frå Hallingdølen sine spalter. Dei som har laga podkasten nemner i fleng Vidar Gjestemoen i Nesbyen Røde Kors som representant for dei frivillige, Tore Blyverket, som fekk huset sitt øydelagt, og beredskapsansvarleg, Svein Magne Juvhaugen, i Nesbyen kommune. I Ål er det ordførar Solveig Vestenfor, Roy Rotebakkdokken og Einar Breie som fortel sine historier. Breie mista delar av huset sitt under eit veldig jord- og steinskred.

Nina Gullingsrud drog i gang «Hallingdugnad», og fortel om arbeidet.

Nina Gullingsrud i Nesbyen fortel korleis ho kom på å dra i gang Hallingdugnad. Tiltaket var til stor hjelp i dagane og vekene etter katastrofen.

Klimaforskaren Asgeir Sorteberg er med i podkasten. Han kjem frå Nesbyen, men bur i Bergen. Meteorologen Isak Slettebø frå Storm Geo er også med. Det var han som kort tid før Hans slo til, fortalde nasjonen kor alvorleg uveret kom til å bli.

Isak Slettebø var vakthavande meteorolog i StormGeo i dagane før uvêret Hans. Han bur og jobbar i Bergen.
Dette er Røynda

Røynda er Hallingdølen sin historieforteljande podkast

Serien «Då dalen drukna» handlar det som skjedde då Hallingdal vart råka av ekstremvêret «Hans» den 8.- og 9. august 2023

Podkasten er på tre episodar på mellom 36 og 38 minuttar

Desse kan du høyre der du vanlegvis lyttar til podkast (Spotify, Apple podcaster, Acast, Podme)

Artikkelen held fram under annonsen.

Tidkrevjande

Dalen og Huseby seier det har vore ei omstendeleg oppgåve å få til ei samanhengande historie som fenger lyttaren.

– Dette blir noko anna enn å jobbe med tekst. Du må bruke element frå TV og film. Men podkasten gir oss også høve til å gå meir i djupna på ting: Å høyre ei kjelde fortelja sjølv, gjer at du kjem tettare på hendingane. Dette blir noko heilt anna enn lesa det i ein artikkel. Men det krev at lyttaren set seg ned og gir tid og ro til historia me skal fortelja.

Historiene og hendingane skjedde oppå kvarandre i eit sant virvar frå 8. august til 9. august.

– Så tidslinja har vore ei utfordring for å halde flyten, seier Elias Dahlen, som har klipt saman materialet og lagt på forteljarstemma.

Huseby har vore med og gjort intervju og dei to har bygd opp dramaturgien saman.

– Kan det hende folk har fått nok av «Hans»?

– Me trur me har fått til ein ny vri. Me fortel ikkje berre korleis det er å vera oppe i det i ein katastrofe, men også korleis det er å sitja på ansvaret. Eg trur me har fått fram kompleksiteten i det, og ansvaret og den jobben som både Nesbyen og Ål har hamna i forhold til sikring.

– Er det nokon lærdom i materialet?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me vil gjerne vera med og vera ein augeopnar. Alle ser at vêret blir meir og meir ekstremt. Dette er noko alle kommunar i Norge må førebu seg meir på.