Mange har blitt testa i Hemsedal dei siste dagane. Dette biletet er eit illustrasjonsbilete, frå koronatesting i Flå.

Ny person smitta i Hemsedal - mistenker det muterte viruset

12 personar er sett i karantene etter at det i dag kom eit nytt positivt testsvar til Hemsedal. Det er det tredje på få dagar.

– Det er mistanke om det muterte viruset. Det tek me for såvidt alltid høgde for, det har me gjort i dei tidlegare tilfella me har hatt også. Me reknar med at det meste som kjem av smitte kan vere mutanten, seier kommuneoverlege Camilla Underland til Hallingdølen onsdag kveld.

Les også
Person i karantene reiste på hytta - vart deretter sjuk

Den smitta er ikkje fastbuande i Hemsedal. Men etter å ha reist til bygda kom beskjeden om at vedkommande er nærkontakt til ein smitta. Det vart då gjennomført ein test, som altså viste seg positiv.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tilfellet er knytta til Vestre Aker, der det er eit utbrot no med sterk mistanke om det muterte viruset, seier Underland. Det er derfor all mogleg grunn til å tru at det er snakk om mutanten også når det gjeld tilfellet i Hemsedal.

– Har den smitta vore mykje i kontakt med andre etter å ha kome til Hemsedal?

– Det har vore noko kontakt, men alle desse er avklart og sett i karantene. Så langt har me god kontroll. Men skulle me plukke opp fleire positive testar etter dette vil me få ein større sirkel å ramme inn.

Sende tydeleg brev

Det positive smittetilfellet er det tredje på berre nokre få dagar i Hemsedal. Ingen av desse har samanheng med kvarandre. Det første sette 15 personar i karantene, det andre er avklart. Vedkommande sat alt i karantene då prøvesvaret kom.

Les også
Tre smitta i Hol: Reiste til fjells før dei hadde fått testsvar

Ved fleire høve den siste veka har kommunar i Hallingdal opplevd at folk som har fått beskjed om å sitje i karantene har reist på hytta - og deretter blitt sjuke. Dette har vore frustrerande for kommunane, og måndag sende Hemsedal eit krast brev til statsforvaltaren der dei fremja ei klar forventning om at bodskapen om kva reglar som gjeld må kommuniserast tydelegare.

Berre eit halv døgn seinare fekk Underland ein telefon, signalet var fanga opp og tatt på alvor. Fleire kommunar skal ha meldt om same uro, og Underland fekk ein lovnad om at utspelet ville bli formidla til helsedirektoratet og FHI.

Vart høyrt

Onsdag klokka 14 sto helsedirektør Bjørn Guldvog på ein pressekonferanse og bad folk om halde seg i ro heime om dei er i karantene eller ventar på testsvar. Han bad også folk om reise heim på ein forsvarleg måte om dei er på hytta og blir sjuke. Alt for å unngå å belaste hyttekommunane for mykje.

Med andre ord: Hemsedal vart høyrt på øvste hald.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har fått ein tommel opp for å sende folk heim om dei er i karantene, og dei går langt i å anbefale folk om å halde seg heime om dei er i karantene eller i ventekarantene. Dette syner at me blir tatt på alvor, seier Underland.