Kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam saman med ordførar Heidi Granli (Ap)

Ny person smitta i Gol - men mange er ute av karantene

Ein nærkontakt av ein smitta i Gol har fått positivt svar på koronaprøve.

– Det var venta, og utløyser ikkje vidare karantene, seier ordførar Heidi Granli.

Det totale talet på smitta i Gol den siste veka er dermed oppe i fem.

Artikkelen held fram under annonsen.

Konsekvensar

Dei siste dagane har vore intense for Gol, som fekk to smittetilfelle tysdag. Onsdag kom det endå to, i dag eitt. Mellom 500 og 600 personar har vore i karantene dei siste dagane mens dei har venta på ei avklaring på situasjonen.

Les også
Mellom 500 og 600 personar er no i karantene i Gol: Rundt 30 blir testa i dag

Det er i ungdomsmiljøet smitta har spreidd seg, knytt til festar i tida rundt påske. Derfor har svært mange ungdommar blitt råka, mellom anna har heile Gol vgs. vore i karantene pluss fem trinn ved Gol skule. Mange av dei tilsette har også vore nøydd til halde seg heime.

Fredag fekk dei aller fleste elevane ved Gol skule beskjed om at dei kan møte på skulen att som vanleg måndag. Men: Dei som har fått beskjed frå legekontoret om å halde seg i karantene, framleis må gjere det.

Har fått ein oversikt

Situasjonen i Gol var ei stund svært krevjande å få oversikt over. Men i løpet av dei siste dagane har smittesporarane og kriseleiinga fått meir og meir kontroll.

– No har me eit godt bilete av kva som har skjedd. Kven som har vore kor, og kven dei har vore saman med. Me har eit bra bilete av smittevegane og samanhengane her, sjølv om det enno ikkje er 100 prosent fullstendig, seier Granli.

Akkurat no er situasjonen under kontroll.

– Me må vente at me framleis får nokre positive prøvesvar, men eg er veldig glad for at me har ramma inn dette såpass stort. Sidan me har gått så breitt ut så vil me ha kontroll på eventuelle nye tilfelle som dukkar opp, seier Granli.

Les også
Har fått svar på nye 26 hurtigtestar: – Får avkrefta nokre mistankar