Det er lett å løyse ut snøskred i utsette område no. Biletet er frå ein bergingsaksjon i Hemsedal for nokre år sidan.

NVE med oransje farevarsel - stor snøskredfare

NVE har sendt ut eit oransje farevarsel for dagane framover.

I Jotunheimen, Hallingdal og ved Voss er det stor fare for snøskred dei neste dagane.

– Det ser ut til at faren vil vare ei stund framover, seier snøskredvarslar Jostein Aasen i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) til NRK.

Artikkelen held fram under annonsen.

NVE har òg sendt ut varsel for område i Indre Sogn, på Hardanger og i delar av Telemark som gjeld for onsdag og torsdag.

Ein skiløpar kan svært enkelt utløyse snøskred i fleire fjellområde i Sør-Noreg no. Aasen ber skiløparar halde tilstrekkeleg avstand til skredterreng. Drønnelydar og sprekkar i snødekket er tydelege fareteikn som må takast på alvor, understrekar han.

(©NPK)