Ekorn: Dette ekornet fekk eit ublidt møte med høgspenten i Flå onsdag.

Ekornet var på klatretur i høgspenten, tok fyr, ramla ned på graset og starta grasbrann

Det er kortversjonen av historia om kva som skjedde då politi og brannvesen rykte ut til brann på Flå onsdag ettermiddag.

Her kjem den noko lengre versjonen:

Klokka 16.58 fekk politiet melding om røykutvikling på Flå, nærmare bestemt i Solheimsvegen. Der hadde det tatt fyr i graset, rett ved ein trafo. Nødetatane rykte ut, og alt klokka 17.20 var flammane sløkt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brannen i seg sjølv var udramatisk. Men kvifor oppstod den? Det var ukjent - heilt til politiet plutseleg kom over noko.

I graset låg nemleg eit dødt ekorn, utan pels.

– Ekornet hadde kome seg opp i høgspenten, fortel operasjonsleiar hjå politiet i Sør-Øst, Øystein Eikedalen.

– Det vart funne på bakken rett under. Då var det dessverre dødt.

Ekornet fekk seg ein skikkeleg kavring då det var kome seg opp i høgspenten, og merka nok ingenting før det heile var over. Men kor vanleg er det at slikt skjer?

– Det er vanskeleg å seie. Det kan godt vere at slikt hender ein gong i blant. Men det er ikkje så vanleg å få avklart det. Her fann me ekornet, og dermed også brannårsaka, seier Eikedalen.

– At dyr kan vere årsaka til at ein kortslutning oppstår, skal me ikkje sjå bort frå.

For det skapte faktisk kortslutning og straumproblem. Hallingdal kraftnett melde onsdag om havari på høgspentbrytaren ved Solheim. Som ein konsekvens av det vart det problem med straumforsyninga på strekningen Roppe - Gulsvik, samt Skarsdalen og Sørbølfjell.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det tok noko tid å få retta opp feilen etter ekorn-ferden i høgspenten, men klokka 18.20 hadde alle kundane fått straumen tilbake i hus.

Les også
Leita med helikopter og hund etter det dei trudde var ulykkessjåføren - fann ingen
Les også
Bil gjekk rundt og hamna på taket på Rv7