Geilo er kåra til Norges beste skidestinasjon for andre år på rad.

Norges beste skidestinasjon

Internasjonale reisebyrå og turoperatørar har sagt sitt: Geilo er Norges beste skistad.

For andre året på rad vinn Geilo prisen som «Noway's Best Ski Resort».

— Det er ei store ære for oss alle, seier styreleiar i Visit Geilo, Roger Espeli.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samarbeid

Fredag morgon vart nyheita kjend. Då vart det feira på Geilo. I grunngjevinga frå juryen heiter det at Geilo får prisen for varmt vertskap, gode overnattingsstader og matservering med lokale produkt. Alpintilbodet blir trekt fram, det same blir skibussane som bind dalsidene saman. Espeli peikar på ei bygd og kommune som går framover mot nye mål saman som avgjerande for den gode utviklinga destinasjonen er inne i.

— Siste åra har det verkeleg losna for samarbeid og innsats frå våre mange bedrifter. No jobbar me saman som ein komplett ski- og feriedestinasjon som har alt ein gjest kan ønske seg. Og det gjer me med kvalitet i alle ledd, seier Espeli.

Store investeringar

Også dagleg leiar i SkiGeilo, Kevin Eikrehagen, feira med kake fredag. Alpinsatsinga siste åra har løfta Geilo tilbake på kartet.

— Det er veldig artig å vere ein del av dette. Siste åra er der gjort store investeringar både hjå oss, men også blant mange andre på Geilo. Dette skaper ringverknader som løftar alle.

Les også
– Eg har vore uheldig

Under kåringa i den austerrikske alpelandsbyen Kitzbühel vart i tillegg Havsdalsgrenda kåra til beste chalet. Men sjølv om det blir feira, er det ikkje tid til å kvile, seier Espeli, som har ein klar bodskap:

— Me må halde fram med å hente ut potensialet og utvikle oss vidare. Då bør me ligge an til å bli nominert også dei neste åra.

Les også
– Studentlivet på Geilo er fantastisk