Det er mykje testaktivitet i Hallingdal i vinterferien. Her eit bilete frå testing i Ål rett etter nyttår.

Nok eit tilfelle av mutert virus i Hemsedal

Den smitta er nærkontakt til dei to som fekk påvist koronaviruset etter ein privat hyttefest denne veka.

Hallingdølen skreiv fredag om at to personar hadde fått positivt testsvar i Hemsedal etter eit sosialt lag - ein større hyttefest. I tillegg til dei to smitta vart 38 personar sett i karantene, endå fleire i såkalla «ventekarantene» mens dei venta på testsvar.

Laurdag fekk kommunen beskjed om at nok ein person er smitta. Vedkommande er nærkontakt til dei to smitta.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Situasjonen er avklart og under kontroll, seier kommuneoverlege Camilla Underland.

Det er den britiske muterte varianten av viruset det dreier seg om. Det er godt kjent at den smittar enklare enn det ordinære koronaviruset.

Den private festen i Hemsedal, som altså hittil har gitt tre tilfelle av koronasmitte, fekk mykje merksemd før helga. Det er ikkje den einaste festen som har gått føre seg i bygda i vinterferien, kommunen har hatt utfordringar med private festar og større samlingar av menneske.

Derfor såg kommunen seg nøydd til å innføre ei ny forskrift fredag. Den seier at det no blir forbode å ha private samlingar med meir enn fem gjestar. Forskrifta vil vare til 8. mars, altså over vinterferien.

Dagens smittetilfelle i Hemsedal er det femte denne veka.