Dette biletet er frå koronatesting i Gol i fjor haust.

Nok eit smittetilfelle bekrefta i Gol

– Me har god kontroll.

Det seier kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam.

Det ferskaste positive prøvesvaret kom onsdag kveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Har jakta smittekjelde i fleire dagar: - Me har betre oversikt no

Kommunen har sidan helga jobba mykje med sporing av eit tilfelle som kom på laurdag, der smittekjelda var ukjent. Onsdagens positive prøve har ingen samanheng med dette.

– Det heng saman med eit endå tidlegare tilfelle. Vedkommande er i fin form, og har vore i karantene, seier Thurainayagam-

Den positive prøve utløyser såleis ingen vidare smittesporingsjobb.

– Me har god kontroll, og det får ingen konsekvensar, seier Thurainayagam.

Les også
Ein smitta i Nesbyen - sit isolert på hytta
Les også
Ny smitta i Hemsedal - ber folk hugse faren for «skjult smitte»