Anders Aas (bak) og Isak Etterlid Tveito øver på vendingar. Dette bilete er tatt på Bråta då dei unge fotballspelarane endeleg fekk vende tilbake til banen.

No kan barn og ungdom snart trene fotball som vanleg att

Regjeringa kom onsdag morgon med ei gladmelding til alle ungar og ungdom som driv med fotball: Frå 15. juni kan dei endeleg trene med kontakt.

Frå denne datoen blir nemleg korona-reglane mjuka opp. Det blir lov for barn og unge å drive idrett med «avgrensa kontakt». Nøyaktig kva som ligg i dette omgrepet er ikkje heilt klart enno, men ein meters-regelen blir i alle fall oppheva.

Dei nye retningslinene skal vere klare innan 1. juni. Desse vil blant anna kunne seie noko om kor mange som kan spele mot kvarandre på banen samtidig.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Idrettslag ropar varsku: - Fryktar alvorlege følger for barneidretten

Med andre ord: Det er ikkje sikkert det blir mogleg å spele vanlege kampar med det første.

– Det med kampar må me kome tilbake til, det handlar om talet på personar som kan bryte einmeters-regelen, seier kulturminister Abid Raja til VG.

Det har vore stor bekymring knytt til om restriksjonane på barnefotballen vil føre til at ungar vel å gi seg. På spørsmål frå VG om kor mange ungar som har blitt borte frå fotballen etter den to månader lange nedstenginga, seier idrettspresident Berit Kjøll følgande:

– Me har ikkje konkrete, faktabaserte tal på dette. Men fråfall er det me fryktar aller mest slik situasjonen er no. Våre unge, håpefulle har venta lenge, og eg har full forståing for at dei tørstar etter å kome i gang med idretten dei er så glade i.

Les også
Gler seg alt til neste skitur