Illustrasjonsbilete: Dette biletet er tatt i Ål tidlegare denne veka, så lege Jørn Ingve Tømmerstrand testa potensielle koronasmitta ved Ål legevakt.

Ni nye smitta i Hol: Fleire har «betydelege symptom»

Då Hol kommune bestemte seg for å bytte laboratorium, kom prøvesvara på koronatestane raskt. Laurdag fekk dei ni svar som bekreftar koronasmitte.

Totalt er no 21 personar smitta i Hol.

- Det begynner å bli mykje, seier kommuneoverlege i Ål og Hol, Geir Strømmen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hald dykk heime!

Ifølge han er det ikkje noko klart mønster i dei ni nye smittetilfella. Men arbeidet med å kartlegge kven dei smitta har vore i nærkontakt med, fortset med full styrke.

– Eg må berre gjenta kor viktig det er at folk held seg mest mogleg heime, og har minst mogleg kontakt med folk, seier Strømmen.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her

På spørsmål om graden av symptom hjå alle dei som no har fått påvist koronasmitte i Hol, seier kommuneoverlegen følgande:

– Fleire har betydelege symptom.

Bytta laboratorium

Då Hallingdølen prata med Strømmen laurdag kveld, var alle prøver som Hol har sendt inn ferdig analysert. Sundag vil det bli tatt fleire. Strømmen har tidlegare uttrykt frustrasjon over at det har tatt for lang tid å få svar på testane dei har sendt inn, og til slutt tok kommunen grep.

Frå å sende testar til dei mikrobiologiske tenestene ved Vestre Viken i Drammen, går testane no i staden til Fürst Medisinsk Laboratorium. Då skjedde ting raskt.

– Me må berre gjere det som tener kampen mot epidemien best, summerer Strømmen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med dei nye tilfella i Hol, er det no 39 kjente tilfelle av koronasmitte i Hallingdal:

Flå: 0

Nesbyen: 13

Gol: 2

Ål: 1

Hemsedal: 2

Hol: 21

Det er også registrert eitt smittetilfelle i Nore og Uvdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
– Russefeiringa heng i ein tynn tråd
Les også
– Det er veldig godt å kome seg ut - også i så fint vêr! Eg synest me er heldige som får lov til å vere her
Les også
– No er det viktig å støtte lokalt næringsliv