Ein dukkert i Trytetjern er godt på varme sommardagar, og dei er det mange av i Nesbyen. Arkivfoto

Nesbyen nest best i landet

Berre éin norsk by slår Nesbyen i talet på sommardagar, syner stor kartlegging.

NRK har kartlagt kva norske byar som har hatt flest sommardagar dei siste tjue åra.

Ein sommardag er eit døgn med maksimalt 1,0 millimeter nedbør og der temperaturen var over tjue gradar i løpet av døgnet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje overraskande er det sørlege byar som er på topp tre. Flest sommardagar er det i Oslo, medan det er nest flest i Nesbyen. Kristiansand er på tredjeplass.

Stavanger med eit gjennomsnittstal på 26 sommardagar kvar sommar og Bergen med 33 er dei einaste byane frå Vestlandet på lista, på høvesvis 6.-plass og 5.-plass.

(©NPK)