Ingrid Vestheim og Glenn Knutsen i Powerbutikken har ikkje noko imot å bu i Nesbyen kommune.
Ingrid Vestheim og Glenn Knutsen i Powerbutikken har ikkje noko imot å bu i Nesbyen kommune.

– Nesbyen er eit ok kommunenamn

Dei vakna opp til Nesbyen kommune. – Ikkje noko problem, seier Ingrid Vestheim.

– Eg vakna på fjellet i dag, på Bøgaset. Og det var heilt all right å gjere i det som no blir Nesbyen kommune, seier ho.

Ho jobbar i Power-butikken i Nesbyen. For kollega Glenn Knutsen er det også heilt uproblematisk at kommunen skiftar namn frå Nes til Nesbyen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg tenkte også at det ville bli resultatet. Nesbyen kommune passar, seier Knutsen.

Glede i Nes

Det var torsdag kveld at Nes kommunestyre mot fem stemmer vedtok å byte namn til Nesbyen. To dagar før hadde Nes i Akershus vedteke å ikkje endre namnet, og sekundært gå for Årnes kommune.

– Eg trudde Nes i Buskerud ville gjere det same, å halde på Nes-namnet. Då eg fekk meldinga ut på kvelden om resultatet, vart eg gledeleg overraska, seier ordførar Grethe Sjølie i Nes i Akershus.

– Blid iallfall, skriv ordførar Grethe Sjølie i denne tekstmeldinga til Hallingdølen med ein selfie ved kommunegrensa til Nes i Akershus.
– Blid iallfall, skriv ordførar Grethe Sjølie i denne tekstmeldinga til Hallingdølen med ein selfie ved kommunegrensa til Nes i Akershus.

– Korleis er stemninga?

– Me er glade, og no håpar me at departementet let oss få behalde Nes kommune-namnet etter at Nes no endrar namn til Nesbyen kommune. No har me håp. Og så håpar eg at innbyggjarane i Nes blir fornøgde med namnet Nesbyen kommune, seier Sjølie.

Ingrid og Glenn på powerbutikken har begge eit avslappa forhold til kommunenamnet. Ingrid, som er rukkedøling, syntest rett nok det er bra som det er, og at ein strengt tatt ikkje trong å endre kommunenamnet. Glenn er innflyttar, men har budd i kommunen lenge.

– Eg er ein liten patriot, som er glad i Nesbyen. Og eg trur eg kan bli glad i Nesbyen kommune også, seier han.

Stort fleirtal

I kommunestyret var det ingen tvil: Stort fleirtal for Nesbyen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er beredskap som er bakgrunn for denne namnesaka, sa Bård Heio (H).

Det er femte gongen kommunestyret behandla dette temaet. No måtte det takast ei avgjerd. Det har Kommunaldepartementet kravd. Innbyggjarane er spurt gjennom ei undersøking på kommunens heimeside og på Facebook. Det var stort fleirtal for Nesbyen, men undersøkinga hadde så store svakheiter at den, ifølgje Audun Aasheim frå Bygdelista, ikkje er noko anna enn ei meiningsmåling.

Geir Olav Garthus (Sp) sa at partiet i utgangspunktet ikkje ville byte namn.

– Men mykje tyder på at det er eit stort fleirtal for Nesbyen, men det er ønskeleg med eit samrøystes vedtak. Derfor går me for Nesbyen. Men me vil framleis vere nesningar, sa han.

Splitta

– For meg er det kunstig å seie at eg bur i Nesbyen kommune, sa Nils Rodegård (Bygdelista), som bur i Rukkedalen. Nesbyen er kommunesenteret. Me bør gjere som Nes i Akershus å halde på Nes-namnet, og så må kommunalminister Monica Mæland ta belastninga, sa Rodegård.

Bygdelista var splitta i saka. Fire av dei stemte for forslaget frå Rolf Strand (KrF) om å behalde Nes som kommunenamn, subsidiært Nesbyen kommune.

– Det er eit vanskeleg val for nokon, men me må ta ei val. Me har tidlegare vedteke å byte namn. Gjer me ikkje det, overlèt me dette til departementet og ingen av Nes-kommunane får førstevalet sitt, sa Rune Ihle (H).

– Er nesningar uansett

Det var også avgjerande for ordførar Tore Haraldset frå Bygdelista.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg går for Nesbyen fordi me tidlegare har vedteke å byte namn, sa han, og la til at «me blir nesningar uansett».

Bård Heio (H) presiserte med brei penn frå talarstolen at denne gongen var han samd med ordføraren i kvart einaste ord, mens Audun Aasheim slo fast at for mange i bygda er Nes det rette namnet.

I Power-butikken kom ikkje namneendringa som ei overrasking.

– Nei. Og Nesbyen kommune er Ok, er reaksjonen der i garden.