Tore Haraldset og Bygdelista er samde med Senterpartiet.
Tore Haraldset og Bygdelista er samde med Senterpartiet. Foto: Egil Blomsø

Nes Bygdeliste og Sp samde om samarbeid

På eit møte måndag kveld vart det klart at dei to partia går inn for å jobbe saman i den kommande perioden.

Samarbeidet vart bekrefta i ei pressemelding frå leiaren i forhandlingsutvalet for Bygdelista, Nils Rodegård, litt etter klokka 22 måndag kveld. 

Dei to partia sikrar seg med det eit klart fleirtal - Bygdelista vart den store valvinnaren, med 46,8 prosent og ti mandat i kommunestyret. Senterpartiet fekk 17,7 og fire mandat. Dei to vil til saman no stå med 14 representantar. 

Det kjem neppe som ei overrasking at Tore Haraldset held fram som ordførar. Kven som skal stå i dei øvrige posisjonane er enno ikkje avklart. 

Fekk ja frå Ap

Meldinga kjem berre timar etter at Hallingdølen skreiv at Nes Ap har tatt eit val om at også dei ønsker eit samarbeid med Bygdelista. Leiar i Arbeiderpartiet, Frode Aaslid, uttalte følgande: 

- Me har vore i møte med både Sp og Høgre. Av det som låg på bordet, var det tilbodet frå Bygdelista som peikte seg ut. Me er lovt varaordføraren og to utvalsleiarar. Posisjonane er avklara, det må forhandlast om ei politisk plattform. 

Om det er aktuelt for Bygdelista å samarbeide med både Sp og Ap, går ikkje fram av den korte meldinga frå forhandlingsleiar Rodegård måndag kveld. Partiet melder at dei vil kome med meir informasjon tysdag.

Høgre-håpet ute

Ein ting er uansett klart etter kveldens møte: Høgres mål om eit breitt samarbeid mellom dei, Sp og Ap blir ikkje noko av. Høgre enda på 22 prosent i valet, og har fire mandat i kommunestyret. 

Tidlegare på dagen måndag sa leiaren i partiets forhandlingsutval, Kristian Noreng, følgande til Hallingdølen: 

- At Ap har valt å gå i forhandlingar med Bygdelista, må me berre respektere. Me har hatt sonderingsmøte med Ap og Sp, og me har i desse sonderingane lagt alle verva i potten. Me har ikkje vore ute etter posisjonar. Politikken har vore hovudtemaet. No ventar me berre på ei avklaring.