Veg: Det er her, ved Tromald i Gulsvik, Rv7 blir stengt i fleire dagar framover.

Nei, det er ingen aprilspøk: Rv7 blir stengt i dag - uklart når han opnar att

Frå i ettermiddag blir det full stopp på Rv7. Men utrykkingskøyretøy og anna nødvendig trafikk får moglegheit til å kome seg forbi. Alle andre må køyre om Valdres, Numedal eller Fv287.

Det bekreftar Knut Erik Skogen i Statens vegvesen for Hallingdølen onsdag formiddag.

Frå og med onsdag 1. april klokka 15.00 blir Rv7 stengt rett sør for Gulsvik i Flå. Årsaka er akutte skadar på vegen ved Tromald, der delar av vegen er undergrave og må reparerast omgåande. At stenginga skal skje 1. april, på årets store narredag, har fått svært mange til å tru at nyheita er falsk og at det berre er eit godt forsøk på lureri.

Artikkelen held fram under annonsen.

Grunnen sig unna. Derfor må Rv7 sør for Gulsvik sentrum stengast og utbetrast.

Men dessverre - slik er det ikkje. Skogen innrømmer at han tenkte tanken sjølv då Vegvesenet gjekk ut med saka tysdag, men han fortel at vegskaden var så akutt at her måtte tiltak settast i gang med ein einaste gong.

– Frå klokka 15 onsdag er det omkøyring som gjeld. Då grev me opp vegen. Det er trongt mellom Krøderen og skråninga på innsida mot jernbanen, så det er ingen plass på sida til å kunne ha lokal omkøyring på staden, seier Skogen.

Omkøyring blir enten via E16 Valdres, Fv40 Numedal eller Fv287 Sigdal - Eggedal - Bromma.

Mangla informasjon

Stenginga av vegen har fått fleire til å steile. Då nyheita vart kjent tysdag, vart det ikkje sagt noko om korleis utrykkingskøyretøy og anna heilt nødvendig trafikk skal kome seg fram. Hallingdølen var i kontakt med lege Ståle Sagabråten tysdag kveld, som var overraska over at det ikkje samtidig med vegstenginga kom informasjon til nødetatane.

Biletet syner korleis grunnen sviktar under Rv7 ved Tromald i Gulsvik.

Han peika på at det er avgjerande i situasjonar der ein har såkalla tidskritiske hendingar at det må vere ein klar plan for å kome raskt til sjukehus. Det er ikkje alltid det er vêr for luftambulanse.

– Men eg er aller mest opptatt av den opplevde tryggleiken. At vegvesenet kan seie at «dette har me tenkt på, me har ei løysing». Eg tek det for gitt at dei ordnar opp i dette, seier Sagabråten.

Kommuneoverlege i Ål og Hol, Geir Strømmen, er samd.

– Det må ei løysing på plass. Me kan ikkje køyre lange omvegar for å kome til sjukehus. Det er heilt uakseptabelt, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lokalveg - for nokon

Onsdag fortel Skogen i Vegvesenet at dei har ein plan for utrykking, og at denne planen blir kommunisert til alle etatar i løpet av dagen. Det finst ein lokal veg som dei kan nytte.

– Denne vegen går parallelt med Rv7, og kan nyttast av dei som køyrer utrykking, buss, heimeteneste og søppelkøyring - den type lokal trafikk. Men den generelle persontrafikken eller tungtrafikken skal ikkje bruke denne vegen. Då blir den overbelasta, og er ikkje lenger brukeleg som beredskapsveg, seier Skogen.

Vegvesenet kjem til å handheve dette med hard hand. Dei vil ha mannskap ståande ved innkøyringane, for å kunne stoppe dei som ikkje har nokon klar grunn til å passere.

– Me veit det er mange lokalkjente som sikkert kjenner denne vegen. Det kan bli ei floke. Men den er me budd på å avverje, seier Skogen.

Det er håplaust å seie noko om når vegen opnar att. Først må vegvesenet grave seg ned til der skaden er, og få oversikt. Det dei førebels har sagt, er at dei har god tru på at vegen kan opne att tidleg i neste veke.

– Me trur me har tatt godt i då, seier Skogen.

Vegmassen sklir ut frå Rv7 og ut i Krøderen.
Les også
Kvistbrann utvikla seg til skogbrann i Rukkedalen
Les også
Har innført felles koronaberedskap
Les også
– Sjå opp for tamrein over Golsfjellet