HFK-spelarane feira 3-0-målet til Birk Stian Bjerkrheim.
HFK-spelarane feira 3-0-målet til Birk Stian Bjerkrheim.

Møtte tøff motstand i Drammen

Fredagens kamp mot Åssiden vart nok eit nederlag i rekkja for HFK.

Herrelaget til HFK jakta viktige poeng då dei møtte Åssiden på bortebane fredag kveld. Før møtet med opprykksfavoritten stod hallingane med fem tap på rad. Men fredagens kamp vart nok eit nederlag for HFK.

Åssiden kapra ballen tidleg i fyrste omgang, og sette to kjappe mål. HFK viste gode defensive takter, men utan at sjansane gav utteljing. Til pause stod stillinga 3-0 til Åssiden. I andre omgang sette Tobias Grangård fyrste og einaste mål for HFK. Kampen enda 3-1 til heimelaget Åssiden. Dette vart det sjette strake tapet på rad for HFK. Dei står no på 11.-plass på tabellen med ni poeng. Siste kamp i vårsesongen går av stabelen om ei veke. Då møtar HFK tabellnabo Stoppen på Hallingmo.